Solund er ei lita øykommune lengst vest i havgapet, der landskapet er forma av sjøen og dei mange øyane. Her kan du sykle mellom små og idylliske grender, dra på øyhopping mellom øyane, besøke Noregs vestlegaste punkt på Utvær eller gli stille fram mellom holmar og skjær i kajakk. Føler du deg ekstra sprek, kan du kombinere sykkelturen med ein fottur til ein av dei mange fjelltoppane. Dei mest populære turane går til Dagsturhytta Sognesjøhytta, Ramnenipa og Pollatinden – alle med storslått utsikt over øyriket.
Om vegane i Solund
Vegane i Solund er smale og svingete, og fleire strekningar kan vere trafikkerte, spesielt om sommaren. For ei tryggare og meir behageleg sykkeltur anbefaler vi at du planlegg etter fergerutene, slik at du unngår periodar med mykje biltrafikk. Fergetidene finn du hos Fjord1. Når du legg opp ruta med dette i tankane, får du ei meir roleg og opplevingsrik reise på to hjul.