Hopp til hovedinnhold
  • Søk
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
  • Reiseinspirasjon
  • Fjord Norway logo
    Fjord Norway logo
  • Søk
  • Utforsk kart
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
    • Reiseinspirasjon
    • Utforsk kart
Sport og utendørsaktiviteter

På sykkel i Sunnfjord

Vår, sommar, haust
Sist oppdatert: 30.01.2024
© Visit FjordKysten
© Visit FjordKysten

Å sykle i Sunnfjord byr på mange gode opplevingar. Frå sykkelsetet kjem du tett på idyllisk vestlandsnatur og eit variert landskap. Her syklar du frå fjord til fjell, frå skog til opne marker, forbi vatn og gjennom dalar på berre nokre kilometer.

Førde

Sykle gjennom urbane område med tett busetnad, før du tek av på ein lite trafikkert veg som slyngar seg gjennom eit ope og flatt jordbrukslandskap.

I Førde kjem kontrasten mellom urban byliv og sjarmerande gardstun fort, og i den vesle byen står kunst- og kulturlivet sterkt. Opplev Førde Internasjonale Folkemusikkfestival, Skandinavias største internasjonale festival for akustisk folkemusikk og verdsmusikk, eller besøk idylliske Sunnfjord Museum like ved Movatnet. Her blir du tatt med på ei stemningsfull reise tilbake i tid. Like ved museet ligg Huldefossen. Her kan du kjenne på naturkreftene frå eit fossefall på rundt 90 meter.

Les meir om Førde

Viksdalen

I bygda Viksdalen sykla du i flatt terreng og lite trafikkerte vegar med Viksdalsvatnet tett på deg. Sykle gjennom Råheimsdalen forbi Vallestadfossen og Haukedalsvatnet før du endar opp på Rørvikfjellet. Her har du utsyn mot det store Haukedalsvatnet som ligg omkransa av bratte fjell og lier.

Frå Rørvikfjellet kan du sykle vidare mot Holsen. Her syklar du langs det idylliske Holsavatnet før du kjem ut på E39 ved Mo. Her kan du besøke både Huldefossen og Sunnfjord Museum på din veg.

museumshus med gress på taket. det er bjørketre rundt husa, og husa ligg nærme fjorden med fjella i bakgrunnen. det er grønt gras rundt.

Sunnfjord Museum

Når de stig inn i ei av dei små, lafta stovene på Sunnfjord Museum, stig de inn i livet til sunnfjordingen på 1800-talet.      

Jølster

Tar du til høgre i krysset frå Holsen kjem du til Jølster. Omringa av mektige fjell og eit idyllisk vatn er Jølster den perfekte sykkeldestinasjonen. Sykle langs sørsida av Jølstravatnet. Denne ruta byr på idyllisk landskap på lite trafikkerte, og flat bilveg. Kombiner sykkelturen med eit stopp på Astruptunet. Her finn du heimen til målaren, teiknaren og grafikaren Nikolai Astrup, som er ein av Norges mest kjende nasjonale kunstnarar.

Jølstravatnet er omkransa av nydelege fjelltoppar og dermed eit godt utgangspunkt for fjellturar. Kombiner sykkelturen med ein tur på Kleivafjellet, ein tur som er verdt å ta med heimatt i minneboka. Ønskjer du å halde beina planta på jorda kan du heller padle på bølgan blå. På ein guida tur med Kvåleskajakk får du oppleve Kjøsnesfjorden med sin ville natur og breer.

Refleksjoner i vatn + haustfarger
Jølster | © Lillian Herland
Les meir om Jølster her

Naustdal

Sykle langs Førdefjorden til Helle. Du syklar for det meste på lågtrafikkert bilveg med jamn stigning mot Helle. Langs vegen har du utsikt mot dei majestetiske fjella Storehesten, Heilefjellet og Blegja. På vegen tilbake er det berre til å nyte dei slakke nedoverbakkane. Kombiner turen med eit stopp på Håjen kafé. Her får du servert heimelaga mat basert på lokale råvarer og tradisjonsbakst frå bakeriet.

Håjen Kafe

Håjen Kafe

Bak god mat ligg det god tid. På Håjen i Naustdal serverer vi heimelaga mat basert på lokale råvarer og tradisjonsbakst frå bakeriet vårt.

Finn fleire sykkelrutar langs Fjordkysten og Sunnfjord

På sykkel i Måløy

På sykkel i Måløy

Opplev Måløy frå sykkelsetet. Her kan du oppleve alt frå idylliske stader til mektige naturopplevingar.

På sykkel i Askvoll

På sykkel i Askvoll

Sykle på lite trafikkerte vegar som innbyr til flotte naturopplevingar.

På sykkel i Hyllestad

På sykkel i Hyllestad

Utforsk Hyllestad frå sykkelsetet. Her får du vakker kystlandskap, majestetiske fjell og fartsfylte opplevingar.

På sykkel i Florø

På sykkel i Florø

Opplev Florø frå sykkelsetet. Her kan du få med deg det meste av opplevingar i løpet av eit par timar.

  • Bildebank
  • Kurs og konferanse
  • Bransje
Fjord Norways sekundærlogo
Om Fjord NorgeOfte stilte spørsmålPersonvernRegistrer arrangement