Når hausten kler verdsarven i klare, friske fargar, kan du få nokre fantastiske og unike opplevingar. Her er tips til kva du kan oppleva i Geiranger i haust.
Sjå verdsarven i haustfargar
Det er no når talet turistar blir mindre og haustroa senkar seg over Geiranger at du verkeleg burde ta deg tid til å oppleve det som blir omtalt som det vakraste UNESCO-området i verda.
Skageflå og Knivsflå
Er ein blant dei litt spreke, bør ein òg prioritera eit besøk til Skageflå eller Knivsflå, to kjente fjellgardar i Geirangerfjorden. Knivsflå ligg vakkert til på eit platå ved sida av fossane "Dei Sju Søstre", ca. 250 meter over Geirangerfjorden. På andre sida av fjorden ligg Skageflå. Hit er det mange som tar turen i løpet av både sommaren og hausten.
Turen opp den bratte, men gode stien til Skageflå, som snor seg opp mura trapper med trygge rekkverk og ei svimlande utsikt, vil vera augneblink som ein kjem til å hugsa. Frå Skageflå er det òg mogleg å gå tilbake til Geiranger Sentrum via Homlong, ein fantastisk tur der du har unik utsikt utover Geirangerfjorden.
Fosseråsa - Noregs første nasjonale turiststi
Det spektakulære fossevandringsprosjektet i Geiranger er vorte ein stor attraksjon, og sommaren 2019 vart ein utvida versjon - Fosseråsa - autorisert som landets aller første nasjonale turiststi.
Fosseråa gir storslagen utsikt mot bratte fjell, mektige fossefall og ein av dei finaste fjordane på Vestlandet, sa klima- og miljøminister Ola Elvestuen då Noregs første nasjonale turiststi vart opna i juni 2019.
Fosseråsa byrjar i Geiranger sentrum og tar deg opp 327 trappetrinn, platå og utkikkspunkt til Norsk Fjordsenter. Kombinasjonen av den spennande arkitekturen tett på den buldrande Storfossen er ei oppleving du seint vil gløyma. Vidare går den nye turiststien opp forbi Hotel Union og Westerås gard med Noregs brattaste utsikt, før han fortset opp til Storseterfossen.
Norsk Fjordsenter
Dersom ein er på toppen av fossevandringen eller i nærleiken av Hotel Union, blir det anbefalt å ta turen innom Norsk Fjordsenter. Her kan ein læra meir om UNESCOs verdsarv og skaffa seg litt lokalkunnskap krydra med ein mektig bildepresentasjon av området.
Den Oscar-nominerte filmen "Bølgen" selde åleine 833.000 kinobillettar. Den norske storfilmen fekk massiv merksemd både nasjonalt og internasjonalt. Ein av Fjordsenterets utstillingar tar for seg historia om naturkatastrofen som truar den dagen i dag. Elles tilbyr senteret gode småretter i eigen kafé og butikk med fokus på norske produkt og eit stort uteområde.
Geiranger Skywalk, 1.476 meter over havet
Tar du turen opp til Dalsnibba, har du Europas høgaste fjordutsikt frå bilveg. Utsiktspunktet har fått namnet Geiranger Skywalk. Det er ei magisk oppleving å gå ut på platået og sjå gjennom ristene og rekkverket av glas. Ein kan kjenna vinden komma opp gjennom ristene og få kjensla av at ein går på skyer. Her får ein oppleva den spektakulære utsikta over Geiranger, fjorden og fjella rundt på ein heilt ny måte. Dersom snøen skulle trekka nedover fjellet i løpet av hausten, kan ein bli nøydd til å stenga utsiktspunktet.
Selfiefavoritter
Når du først har tatt turen til Geiranger, bør du setja av litt tid til å nyta utsikta frå nokon av landets mest kjente utkikkspunkt.
Ørnevegen er namnet på dei 11 hårnålsvingene som går opp den bratte og frodige lia frå Geiranger mot Eidsdal. Øvst i ørneveien, 620 meter over havet, ligg utsiktspunktet Ørnesvingen som også har sitt eige fossefall. Her kan du nyta utsikta mot Geiranger og utover Geirangerfjorden med stupbratta sine fjellsider.
På toppen av Flydalsjuvet kan du nyta ikonisk utsikt utover verdsarvfjorden. Her finn du installasjonen "Fjordsetet", innvigd av Dronning Sonja. Flydalsjuvet ligg rundt fire kilometer frå Geiranger sentrum i retning Grotli, men berre ein kort spasertur frå utkikkspunktets eigen parkeringsplass.
Lokal mat, spa og avslapping på Hotel Union
Hotel Union blir i dag driven av ekteparet Monja og Sindre Mjelva. Sindres oldeforeldre kjøpte hotellet i 1899, og Hotel Union Geiranger har i dag kanskje ein av landets beste spa-avdelinger. Her kan ein nyta tilvera med avslappande spabehandlinger, nyta ei roleg stund i boblebadet eller ta seg ein svømmetur i eit av bassenga med ei magisk utsikt. Det ærverdige hotellet har eit eige veteranbilmuseum, og er eit godt utgangspunkt for haustturar i dei mektige fjella som omkransar Geiranger.
Overnatting i Geiranger
Hele Norges fjelldorado
Møre og Romsdal er kjent for sin kystlinje, fjorder og fjell. Her er mastodonter som Slogen, Romsdalshorn og Innerdalstårnet. Samtidig finner du massevis av turopplevelser som både gir fjellfølelse og god utsikt – uten behov for klatretau og gnagsårplaster. Bli inspirert til høstens beste turopplevelser!
Finn ut mer