Smakfulle matopplevingar i Sunnhordland

Bli med på ei eventyrlig og kulinarisk reise i sjømatparadiset Sunnhordland. Regionen er ein av dei største innan sjømat i Norge. Matopplevingane i regionen er fantastiske og heilt spesielle. Ynskjer du fersk sjømat eller lokale råvarer samansett til dei flottaste rettane - i historiske omgjevnader, finn du det her. Mange av serveringsstadane her satsar sterkt på lokale råvarer og spesialitetar, og du får verkeleg smaka regionen sitt særpreg.

Uforgløymeleg mat på Bekkjarvik Gjestgiveri

På Bekkjarvik Gjestgiveri finn du verdsmeister i kokkekunst, Ørjan Johannessen på kjøkkenet (gull i Bocuse d´Or Lyon 2015). Her er også Arnt Johannessen, som i 2014 fekk den høgaste anerkjenning ein kokk i Norge kan få: «Årets kjøkkensjef». Matopplevingane er i verdsklasse på gjestgiveriet med historie som går tilbake til 1600-talet.
Naturen og véret med dei ulike årstidene gjer sitt til at råvarene også er i verdsklasse. Både fisk, skjell, skalldyr, villsau og hjort finst så og seie rett utanfor døra.

Målet når du nyt måltidet på Bekkjarvik Gjestgiveri er at du skal få ei uforgløymeleg matoppleving.

Haaheim Gaard skapar magiske augneblikk

Husfar på Haaheim Gaard, Torstein Hatlevik driv Haaheim Gaard, som ligg 170 moh på øya Tysnes. Ynskjet er at besøket på Haaheim Gaard skal gje deg minne for livet. Dette er også gjennomgåande for matfilosofien. Her opplever lokale, smakfulle måltid både til frukost, lunsj og middag. Gjestebodet Chefs Dinner, der du får lokalmat og humor frå nokon av dei kanskje største eldsjelene innan lokal mat og drikke blir også arrangert på blant anna Haaheim Gaard.

Får du lyst på sjokolade anbefalar me at du tar turen til E H Våge, der Torstein lagar eigenprodusert konfektsjokolade. Den gamle handelstaden ved sjøen på Uggdalseide har røter tilbake til 1887. Torstein har tatt vare på staden slik at du verkeleg får kjenne på den ekte historien. På E H Våge får du også kjøpt lokalproduserte gardsprodukt. Staden er open i helgene i høgsesong og elles etter avtale.

Mandelhuset Restaurant – kulinariske opplevingar like i sjøkanten


Dei tar ikkje snarvegen når dei lagar mat til deg på Mandelhuset. Her får du ekte smakar servert like i sjøkanten. Restauranten ligg på den gamle dampskipskaien i Våge på Tysnes. Fisken dei brukar blir levert frå lokale fiskarar på kaien – meir kortreist blir det vel ikkje? Garden som ligg like ved dyrkar poteter som Mandelhuset brukar. Her kjem også storfeet ifrå.

PS Bryggekafe gir deg langsam mat


Heilt på bryggekanten, innerst i Port Steingard på Kråko i Fitjar, er det vertskapet Edith og Tor Henrik som syt for at du vil kome tilbake. For her får du fantastiske smakar i omgjevnader som gjer at du seinkar skuldrene. I tillegg til lokalmat, står det ofte kulturopplevingar i form av konsertar eller andre arrangement på programmet. Men den gode samtalen er i fokus, så dersom her er bakgrunnsmusikk, kan du vere trygg på at den er akkurat slik at den er med og dannar ei god ramme.

Café, Brasserie og Bar 59°

Her kan du nyte kulinariske rettar – alt frå ein deilig matbit og smårettar til a la carte. Staden passar flott for koselege treff. Den avslappa og gode atmosfæren i lokala som har sør-amerikansk stil harmonerer godt med kortreist mat der kvalitet er i høgsetet.

Livemusikk er også noko du kan oppleve her. Gjerne saman med afternoon tea ein laurdag. Følg med på Facebook-sida til Stord hotell, så ser du kva tid neste arrangement er!

Utover desse stadene, byr Sunnhordland på enno fleire kulinariske og autentiske opplevingar. Ta ein kikk på denne sida med tips til gode måltid i Sunnhordland – vel bekomme!