Besøk på fiskeoppdrettsanlegg

Hos Engesund Visningssenter kan du læra om korleis ein driv oppdrett av laks, samt smake på laksen dei produserar. I båtkafeen serverar dei god mat med råvarer frå havet. Du kan reise dit i eigen båt, eller møte opp på kaien på Fitjar og bli med på ein båttur ut til oppdrettsanlegget. Dei har faste guida turar kvar dag frå 18.juni - 14.august.

© Engesund Visningssenter

Opplev vikingtida på Moster

På Moster Amfi på Bømlo vert du teken tilbake til vikingtida. Bli med på spennande omsyning og lær om korleis folk levde på den tida, samt om reisa inn i kristendomen. I amfikafeen serverar dei ekte vikingsodd. Frå 4. - 13. august kan du sjå Hekseringen i uteamfiet; ei magisk familieframsyning om to born som vil redde bestemora frå å bli brent på bålet som "heks". For tinging av billettar, sjå www.mosteramfi.no.

Moster Amfi

På fisketur

Ein fisketur i skjergarden i Austevoll kan vere gøy for både liten og stor - hos Olaskjeret tilbyr dei fisketurar for alle. Sjølve båtturen er ei oppleving i seg sjølv, men du får og prøvd deg på både teine- og garnhaling, fiskesnøre- og stang.

Bli med inn i gruvene

Klar for ei annleis oppleving? No kan du bli med inn i ei av Noregs mest spennande gruver! På Litlabø på Stord var det gruvedrift frå 1865 til 1968 der dei utvann svovelkis. I dag er det eit levande museum der du kan ta toget inn i gruva og oppleve korleis det var for dei som arbeidde der. I sommar har dei ope frå onsdag til søndag, 29.juni - 7.august.

Gruvemuseet på Litlabø|© Espen Brask Nordfonn

Velkomen inn i naturen

I sentrum av Rosendal ligg Folgefonnsenteret - eit senter for kunnskap og oppleving. Her kan du lære om naturen i Folgefonna nasjonalpark og om klima i endring gjennom interaktive utstillingar og flotte naturfilmar. Kaféen har ope frå 11.00 - 17.30 alle dagar i sommarsesongen.

© Jorunn Larsen

Meir inspirasjon til din ferie i Sunnhordland