Hopp til hovedinnhold
  • Søk
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
  • Reiseinspirasjon
  • Fjord Norway logo
    Fjord Norway logo
  • Søk
  • Utforsk kart
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
    • Reiseinspirasjon
    • Utforsk kart
Natur og attraksjoner

Sunnfjord dekt i haustfargar

Haust
Sist oppdatert: 11.09.2024
Fjell, vatn og tre
© Lillian Herland
© Lillian Herland

Haustferien nærmar seg, men du har kanskje ikkje bestemt deg for kva du skal finne på? Lite slår hausten i Sunnfjord, fjellsidene blir dekt av nydelege fargar og sola byr på fargespel gjennom mørke skyer. Om du er ute etter ein aktiv ferie i nydeleg natur, eller eit avslappande opphald for å lade batteri, så har vi det du er ute etter.

Eit eldorado for haustaktivitetar

Vil du inhalere haustlufta til fots, eller kanskje ta inn alle inntrykka frå sykkelsetet eller kajakken? Sunnfjord har mykje å by på om du ønskjer ein aktiv haust.

Hausten er den finaste tida i Sunnfjordfjella, dei er kledd i den fine haustdrakta si og lufta er frisk og rein. Jølster har mange fine fjell å by på, her kan du oppleve haustfargane i fjella som speglar seg i det klare Jølstravatnet. Om du jaktar på ei Instagram venleg utsikt så er Grovanipa, Kleivafjellet eller Lundeskaret rette plassen å gå på. På toppen her ser du ut over Kjøsnesfjorden og Jølstravatnet. Vil du nyte haustfargane utan å klatre deg opp over ei fjellside er fossestien i Gaular ein flott tur. Her går du langs 13 ulike fossar og vatn, og kan nyte elvesusen medan du går langs haustkledde tre i skogen.

Ein sykkeltur i haustnaturen er absolutt å anbefale. Leig deg ein sykkel på Jølstraholmen og sykle langs Jølstravatnet i Astrup sitt rike, ta med sykkelen til Gaular og kombiner fossevandring med sykkeltur langs ein av Noregs nasjonale turistvegar Gaularfjellet, eller nyt utsikta over flotte Førdefjorden frå sykkelsetet på strekninga ut over fjorden i Naustdal. Om du heller føretrekk å oppleve frå kajakken, kan vi anbefale ein padletur i Kjøsnesfjorden, kajakk kan leigast hos Kvåleskajakk eller Lunde turiststasjon.

Opplev Fossestien

Les mer om utvalgte sted og attraksjoner fra FjordKysten og Sunnfjord.

Fossestien

Fossestien

Vandre langs Fossestien til spektakulære fossar som ligg mellom mektige fjell og storslått natur.

Fossestien i Gaular
Fossestien i Gaular

La romantikken blomstre

Er du heller ute etter ein ferie med avkobling frå kverdagens jag og mas? Ta med deg din kjære på ein hausttur til Sunnfjord, vi lovar romantikk i lufta. Her kan du kombinere unik overnatting, fine haustfargar og opplading av kropp og sjel.

Kva med eit opphald på eit lite, koseleg gardshotell i Gaular? Flatheim byr på unik atmosfære, stillhet og ro. Her har du muligheten til å nyte elvesusen medan du slappar av i badstu og badestamp som er plassert på elvekanten.

På Jølstraholmen kan du booke eit opphald i Elvasuita, ei unik lita hytte der du får nyte naturen helt i fred. Legg deg i utebadekaret og nyt utsikta over haustkledde tre langs elva, og nyt kvalitetstid med kverandre. Her kan du også benytte deg av badestamp, eller kanskje ta eit friskt bad i kulpen.

Vil du ut i naturen og overnatte, men synst det er litt for kaldt i telt om hausten? Fortvil ikkje, book deg heller ei natt i Birdbox Langeland eller Birdbox Storehesten. Her har du alt du treng, både kjøkken og varmeovn, men likevel så tett på naturen. Nyt utsikta over Storehesten og naturen rundt, medan du ligg varm og god under dyna.

Sov godt i Sunnfjord

Les mer om utvalgte sted og attraksjoner fra FjordKysten og Sunnfjord.

Flatheim

Flatheim

Senk kvilepulsen med overnatting i historiske og unike rom. Tett på naturen, fjellet, elva, lyset og lydane, midt i det vestnorske fjell- og fjordlandskap.

Jølstraholmen Camping

Jølstraholmen Camping

Omgitt av elvar, isbrear og turvennlege fjell, er Jølstraholmen den perfekte plassen for eit aktivt med likevel avslappande opphald, i kontakt med naturen.

Birdbox Langeland

Birdbox Langeland

Birdbox Langeland er ei spektakulær overnatting i fantastiske omgjevnader.

Related articles

På sykkel i Sunnfjord

På sykkel i Sunnfjord

Å sykle i Sunnfjord byr på mange gode opplevingar. Frå sykkelsetet kjem du tett på idyllisk vestlandsnatur og eit variert landskap. Her syklar du frå fjord til fjell, frå skog til opne marker, forbi vatn og gjennom dalar på berre nokre kilometer.

Toppturar som tek pusten frå deg!

Toppturar som tek pusten frå deg!

Ja, utsikta vil garantert ta pusten frå deg! Kva med å utforske nye, kanskje mindre kjente fjellturar – utan trengsel?

  • Bildebank
  • Kurs og konferanse
  • Bransje
Fjord Norways sekundærlogo
Om Fjord NorgeOfte stilte spørsmålPersonvernRegistrer arrangement