Du kan komme til og frå fantastiske turområde med «Vandrebussane» til Aurlandsdalen, Jotunheimen/Utladalen, Jostedalsbreen (Nigardsbreen, Bøyabreen og Supphellebreen) og Sognefjellet. For å komme til dei små vakre fjordbygdene kan du nyte dagen på eit Fjord Cruise på den mektige Sognefjorden.

Brevandring på Nigardsbreen|© Vegard Aasen/VERI Media

"Vandrebussane"

Reis som dei lokale – Med «Travel like the locals» kan du utforske fjella, fjordane og besøke lokalsamfunna. Og du brukar miljøvennleg og bærekraftig offentleg transport for å kome dit. Besøk Nigardsbreen og ta «vandrebussane» til og frå Aurlandsdalen.

Opplev utsiktsplattforma Stegastein, 650 meter over Aurlandsfjorden. Bestill din tur frå Flåm til Stegastein her

Tindevegen er fjellvegen mellom Årdal og Turtagrø (32 km) som tek deg frå Sognefjorden til Jotunheimen. Frå 1. juli driftar Tide dagleg buss mellom Årdal og Turtagrø. Ruta går dagleg fra 1. juli til 15. august og lør/søn frå 16. august til 29. august. Sjå ruter her

Aurlandsdalen|© Thomas Rasmus Skaug

Fjord Cruise

Sognefjorden med sine 204 km er Norges lengste og djupaste fjord der fjordarmane Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste. Dei vakre små idylliske fjordbygdene ligg langs den mektige Sognefjorden, og med eit Fjord Cruise kan du oppleve nettopp dette. Folkeliv, lokale markeder, lokal mat og aktivitetar. Det er fleire aktørar som tilbyr Fjord Cruise på Sognefjorden:

Fjord Cruise Lustrafjorden|© Vegard Aasen/VERI Media