Opplev skjergarden og øyane Skorpa, Reksta og Kinn, vest for Florø. Turbeskrivelsen gjeld for turistruten som går medio juni til medio august.
Tre øyer på ein dag
Reis på øyhopping til øyane utanfor Florø! Her kan du få med deg tre heilt forskjellige øyer på ein dag!
Turen startar med båttur frå Fugleskjærskaia klokka 12, og vil ta deg ut til den grøne og frodige øya Skorpa. Sjølv om Skorpa er prega av stein og fjell, så finn ein òg store områder med skog. Her er det fint å rusle langs vegen. Går du til endes aust kjem du til Skorpevatnet der det er fint å sitte for ein rast. Du finn terrasse med benkar og grill om du ønskjer å spise lunsj. Du kan låne kanoen som ligg ved vatnet, og du finn redningsvestar i ei kasse. Snur du kan du gå heilt ut i uthamna på Esøya. Der finn du eit lite hus på kaia med sitteplassar. Går du litt fordi uthamna er det fin utsikt mot Kinn, Ytterøyane og Store Batalden.
Båten har avreise frå Skorpa kl. 14.55 - ankomst Rognaldsvågen (Reksta) kl. 15.10
Båten går vidare til øya Reksta der det vil bli eit lite stopp i Rognaldsvågen før båten går vidare igjen. Her kan du gå fordi butikken og vidare ut til Rognsøya. Eit fint miljø med gamle sjøhus. Gå tilbake til butikken og nyt ein kopp kaffi og ein is før båten tar deg vidare til Kinn klokka 16.25
Ein kort båttur over Kinnasundet og du er komt til Kinn. Her ute i havgapet ligg den irrgrøne, grasdekte øya med Kinnakyrkja og Kinnaklova. Om sommaren er det ope kyrkje med tidebøn. Det er mogleg å kjøpe seg kaffi, vatn, sjokolade og kjeks.
Båten går frå Kinn kl. 20.35 og du vil vere tilbake i Florø kl. 21.45