Fjordbygdene langs Sognefjorden har fleire aktørar som tilbyr nydeleg eplemost eller sider frå fjorårets blomstring. Drikk og nyt!

Fossefall


I mai og juni vaknar mange dramatiske fossefall til liv etter vinteren. Når snøen og isen smeltar, er vatn nivået på sitt høgste, og fossane på sitt vakraste. I Sognefjorden kan du besøkje Vettisfossen i Utladalen som vart kåra til Norges vakraste foss og er Norges høgste frie fossefall med sine 275 meter. Andre fossefall i Sognefjorden

Fjord Cruise

Noko av det finaste med våren er å oppleva at naturen kler av seg vinterfrakken og blir grøn og frisk. Dagane blir lengre og varmare, sangfuglane går amok, og lufta av ferske granskudd riv i nasen. Fleire aktivitetsbedrifter tilbyr guida RIB tur der du kan oppleva den imponerande Sognefjorden i vår drakt og speide etter sel, nise eller ørn. Eller kva med Fjord Cruise på UNESCO Nærøyfjord som gir deg minne for livet?

Årets første bad i Sognefjorden

1. mai er ei magisk grensa - dei tøffaste tek årets første bad før denna datoen. Sognefjorden tilbyr fleire flotte badeplassar med brygge og stupetårn. Kaldt blir det!

Utnytt draumesesongen i skibakkane

På fjella er det ofte skiføre til slutten av april/begynnelsen av mai. Sognefjorden har fleire aktivitetsbedrifter med erfarne guidar som kan ta deg med til den beste snøen. NB! Hugs solkrem og solbriller da det kan være varmt i mai månad på fjellet der du kan kaste jakke og nyte våren. Skianlegga Sogn Skisenter og Sogndal Skisenter er også ope i slutten av april der køane er mindre og forholda i bakken er fantastisk for både liten og stor.