Ifølge ei undersøking oppgir dei fleste arbeidstakarane som jobba heimanfrå i ein periode at dei er meir effektive og jobbar meir konsentrert. Dei fann og ein god balanse mellom fritid og jobb, dei er mindre sjuke og stressa, og arbeidsgivaren sparer ein god del på kontorfasilitetar. Kjelde: Visit Norway

I Sognefjorden har vi alt du treng: leige av kontor eller møterom til deg eller prosjektgruppa di, overnatting, mat & drikke og aktivitetar som passar alle. Ta gjerne med deg familien din på tur, dei fleste likar å utforska nye plassar.

Vil du jobbe frå Sognefjorden? |© Paul Edmundson

Workation i Sogn

Lei av hjemmekontor? Hvorfor ikke bytte ut kjøkkenveggene med mer inspirerende omgivelser? 
Steinbergdalshytta kan tilby høyfjellsnatur tett på, fjellskiterreng, stillhet og ro, avsides, men likevel lett tilgjengelig både fra Østlandet og Vestlandet. God hjemmelaget mat, hyggelig vertskap og varm hyttestemning. Her er det rolig og uforstyrret utenom fottursesongen, og i vintersesongen har du dessuten en unik mulighet for å bli innesnødd og totalt avsondret fra omverdenen i korte perioder.
Steinbergdalshyttas fremste fortrinn er et uforstyrret arbeidsmiljø midt i storslått natur, men skulle behovet for kontorfelleskap og kaféliv melde seg, er det muligheter på Aurlandsvangen en drøy halvtime unna med bil. Ideelt for enkeltpersoner og kollegagrupper på opptil 15 personer. Hunden må gjerne følge med.

Pakker:
3-dagers opphold: 2900 kr per person

5-dagers opphold 4500 kr per person

1 måned 24 000 kr per person

Prisene inkluderer overnatting i enkeltrom med oppredd seng, frokost, middag, lunsj og internett.
Fant du ikke noe som passet akkurat ditt/deres behov? Ta kontakt for et skreddersydd tilbud på post@steinbergdalshytta.no alternativt 46287352

Quality Hotel Sogndal

Quality Hotel Sogndal bur du ved Sognefjorden og midt i Sogndal sentrum. Det er kort avstand til restaurantar, kjøpesenter, Fosshaugane Campus, Kulturhus, Sogndal Skisenter og Sogn Skisenter. Når det er tid for pause kan du ta deg ein Topptur, gå på langrenn, trugetur, turar i skianlegg eller brevandring. 

Prisar:

1150,- per natt (man-fre) og 950,- (fre-søn) inkl. frukost og tilgang til treningsrom. 

15% rabatt på takeaway på Vågal Burger & Gin og den italisenske restauranten La Pergola for buande gjester. 

Velkommen til Quality Hotel Sogndal. 

Uteplassen Sogndal

Uteplassen Sogndal er lokalisert i Sogndalsdalen som er omkransa av bratte fjellsider som gir moglegheit til vanvittig toppturar, trugeturar med eller utan guide. Uteplassen er sertifisert kursholder i Norsk Fjellsportforum og tek deg gjerne med på tur. Sogndal Skisenter er kun 10 min. køyring frå Uteplassen, og heiskort ligg klart i leilegheiten. Leilegheitene er av høg standard med godt utstyrt kjøken, oppvaskmaskin, TV, breidband og bad med vaskemaskin. 

Prisar:

Leilegheit for 4 personar: Frå 1000 kroner

Leilegheit for 6 personar: Frå 1450 kroner

Kjørnes Camping

Kjørnes Camping ligg vakkert til ved Sognefjorden, 3 km frå Sogndal sentrum, rett ved sjøen, ideelt for kajakk og turområde frå dørterskelen. Sogndal Skisenter og Sogn Skisenter ligg 15 min køring frå Campingen med preparerte skiløyper og skianlegg. Flåm, Sognefjellet, Jostedalen med Jostedalsbreen ligg 1 times bil tur unna. 

Prisar:

Høgstandard hytte kr. 600,- pr døgn for 1 person, min 3 netter.

Høgstandard hytte kr. 1000,- pr døgn for 2 personar, min 3 netter

Høgstandard hytte kr. 1200,- pr døgn for 3 personar, min 3 netter

Sogndal Lodge & Guiding

Sogndal Lodge & Guiding er lunt plassert i Sogndal sentrum, omgitt av natur for fantastiske eventyr og hjå oss er det berre å føla seg som heima. Bli med på guida turar, kurs eller skreddarsy din tur og di oppleving nett slik du vil ha det. 

Pris:

Frå 600 kroner pr døgn med overnatting, gratisk parkering og godt internett. Stort tørkerom slik at du kan vera klar til neste dag med jobb og aktivitet. 

Skiguiding eller mini-skredkurs frå 1400 kr pr pers i midtveka.

Sogndal Skisenter

Det skjer mykje i Sogndal Skisenter gjennom skisesongen og du er velkommen til oss. Ynskjer du å ta på langrennskia, så har vi preppa løyper for deg. Ynskjer du Randonee eller Slalom, kjøp heiskort og ta heisen til toppen og nyt turen i våre løyper eller utforsk skogskøyringa vår med puddersnø i verdsklasse. Laussnøekspressen hentar opp skikøyrar på haldeplassane langsmed Fjærlandsvegen og tek deg tilbake til skisenteret.

Kjøp heiskort på nett, slepp billettkø og dra rett i bakken. 

Nes Gard

Workation på Nes Gard - Nå kan du kombinere skikontor og toppturhelg. 

Søndag til torsdag gir vi deg tilgang på flotte leilegheiter der du sjølv står for maten. Torsdag har vi felles middag med turplanlegging. I helga har DU fokus på skiturane medan vi servera deg frukost, matpakke og 3 retters middag!

Pris:

Bli med på tidenes workation med andre skiglade toppturentusiastar for kun 4900 kr per veke. Send mail til post@nesgard.no for å bestille! 

Balestrand Guest House

Lita leilegheit i 1. etg. har stove og to soverom. Nyrenovert kjøken og bad. 

Pris: 

Kr. 1000 pr. døgn

Kr. 4500 pr. veke

Kr. 7000 for 2 veker

Kr. 9000 for 3 veker

Kr. 12000 for 1 månad

Stor Leilegheit (co-living)

Huset har panoramautsikt over Sognefjorden og ligg 2,8 km frå Balestrand sentrum. Vedomn, veranda, hagestove, god internett og parkering. Syklar kan lånast ut gratis. Tre nyrenoverte bad og stort felles kjøken og stove. 4 soverom med til saman 22 sengeplassar i køysenger. Du kan dele soverom med din kohort og kvart rom får eige bad. Introduksjon til Balestrand med lokal mentor. Gratis guida fjelltur med Balestrand Adventure for opphald meir enn ei veke.

Pris:

Kr. 600,- pr pers pr døgn

Kr. 3000,- pr pers for 1 veke

Kr. 5000,- pr pers for 2 veker

Kr. 7000,- pr pers for 3 veker

Kr. 9000,- pr pers for 1 månad

Sengetøy og håndklær til leige for 100,-

Molden vinter ski |© Sverre Hjørnevik

Workation aktivitetar

Å skifta omgivnader i ein periode, kan vera ein fin måte å henta ny inspirasjon og motivasjon på. Kva med å jobba nokre timar og utforske aktivitetane som bygda byr på. 

Aurland - Flåm - Gudvangen

I Aurland, Flåm og Gudvangen er det eit must å ta den verdskjente Flåmsbana, som er kåra til Verdas vakraste togreise frå Flåm stasjon innerst i Aurlandsfjorden til høgfjellsstasjonen Myrdal. Ta toget ned igjen, eller du kan leige sykkel og sykle ned igjen Rallarvegen. Ynskjer du ein tur på fjorden kan du bli med på Fjord Cruise på UNESCO Nærøyfjord, padle kajakk eller køyre RIB båt. I Undredal kan du smake geitost eller besøkje Vikinglandsbyen Njardarheimr i Gudvangen. Valget er ditt, fjordbygdene tilbyr det meste.

Sogndal

Sogndal er sentrum i Sognefjorden og kan være ein base for dine aktivitetar. Vandre langs fjordstien og kjenne på fjordbrisen, eller prøve ut Nordens beste klatrevegg på Fosshaugane Campus. På Fosshaugane Campus finn du og treningssenter, squashbaner og moglegheit for symjing og badstove. 

Med base i Sogndal kan du ta turen til Fjærland som ligg ca 30 min køyring unna. Fjærland som også er kalla for brebygda kan du besøkje Norsk Bremuseum, Bokbyen eller oppleve Bøyabreen på nært hold. Ynskjer du å besøkje dei lokale og sjå korleis ein bunad blir til så bli med Sognefjord Guiding på tur. Eller kva med ein kajakk tur i Amlabukta i Kaupanger? 

Balestrand

Balestrand er kunstbygda i Sognefjorden der du kan vandre i Ciderens verden, besøkje gallerier og Norsk Reiselivsmuseum, eller ta på deg gode sko og bestige ikoniske Keipen. Er målet ditt ikkje å bli svett, så bli med Ciderhuset på guida kulturvandring med besøk på Kviknes Hotel, den engelske kyrkja St. Olaf som er kjent frå Disney Frozen, sjå kunstnervillaene og få ein omvisning på Ciderhuset.

Flåmsbana|© Sverre Hjørnevik - Norway's Best

Workspace & Coworking

Reis vekk ei veke, eller fleire, eller i ein månad. Vil kjærasten eller familien bli med? Ingen problem! Mange vil elska nye eventyr. Med Coworking så kan du leige deg ein arbeidsplass i eit fellesselskap, og bli kjent med nye folk. Man kan være vel så produktiv - og ofte langt meir kreativ - ved å jobba i eit miljø der man får nye impulsar, samtidig som man kan være aktiv i naturen. Arbeidstiden bestemmer du heilt sjølv, om du vil jobbe frå 08-16 eller om du vil jobbe nokre timar om morgonen, ut å samle tanker i naturen ved lunsj tider og jobbe igjen om kvelden - det er opp til deg.

Rockethouse, Sogndal

Rockethouse jobbar med fagfelta robotikk, automasjon og konsulenttjeneste og har ein brennande lidenskap for nye idear, teknologi og entreprenørskap. Leig gjerne ein kontorplass i ope landskap hjå Rockethouse og bli kjent med gjengen som jobbar der. Rockethouse arrangera felleslunsj, sosiale tilstelningar som "afterworks"/fredagspils, bingokveld, dartturnering, bading i lunsjen og middager. Velkommen til Rockethouse. 

Pris:

Kr. 400,- pr dag

Kr. 1500,- pr veke

Kr. 5500,- pr månad

Fosshaugane Campus, Sogndal

FuS er kontorfellesskapet for gründerar og etablert næringsliv på Campus Sogndal. Her får du benytta deg av felles lunjsareal, kaffemaskin og gratis møterom (videokonferanse rom). Bli kjent med gründarane i Sogndal, og kanskje får du også ein ny ide til jobben din. På Fosshaugane Campus har du også anledning til å trene på Spenst eller prøve deg på klatring i storhallen. Med korte avstander til både Sogndal Skisenter og Sogn Skisenter så bugner det av moglegheiter til toppturar og den beste utsikta. Velkommen til Sogndal og Fosshaugane Campus.

Pris: Pris på forespørsel - post@sognnaring.no

Ciderhuset - Coworking space i Balestrand

Ciderhuset er ei familieverksemd midt i ein frukthage som driv med mange ulike prosjekt - eks. internasjonale training courses, lager drikkevarer av frukt og bær, og tar imot gjester for cidersmaking og servering. Gratis fredags lunsj i Ciderhuset og introduksjon til cideren si verd. 

In residence in the artic

Les meir om Ciderhuset In Residence in the Arctic - Host program i Balestrand.

Pris:

Leige av kontroplass (privat kontor i kontordel av bygget med tilgang til møterom, printer, WIFI)

Kr. 200,- pr dag

Kr. 800,- pr veke

Kr. 3000,- pr månad

Rådhuset i Balestrand

Rådhuset i Balestrand er ein av tre lokasjonar for administrasjonen i Sogndal Kommune. Her er plass til 6 personar. Kontorplassar i fellesskap med nærings- og samfunnseininga til Sogndal Kommune. Tilgang til fleire møterom med fullt videoutstyr, samt kantine. 

Pris:

Kr. 100,- pr dag

Kr. 400,- pr veke

Kr. 1500,- pr månad

Coworking Rockethouse Sogndal|© Vegard Aasen/VERI Media

Mat & drikke workation

Du trenger ikkje å lage maten sjølv om du ikkje har lyst. Gjennom genereasjonar har man dyrka, sanka og lært kva landet gir, og gjennom åra har det utvikla seg stolte mattradisjonar. Reis frå bygd til bygd og opplev lokale spesialitetar, og nyt dagen.

Aurland - Flåm - Gudvangen

Aurland er kjent for geiter og ysting av kvit og brun geitost. Undredal er Geitostbygda der det bur fleire geiter enn det bur folk. Ta gjerne turen innom visningssenteret Eldhuset der du får sjå korleis prosessen frå mjølk til ost blir til og får ein smaksprøve, eller reis innom Undredalsbui der du kan kjøpe med deg kvit og brun geitost og geitepølser. FjordSafari Norway har daglege RIB turar frå Flåm til Undredal for ostesmaking og historieforteljing. I Aurland og Flåm ligg det små koselege kafear og restaurantar som byr på lokale spesialitetar. I Gudvangen vil det i Mat-huset heile tida være aktivitet med tillaging av mat etter ulike gamle metodar. Nokre rettar varierar frå dag til dag, som gropkoking, heilsteiking, plankerøyking eller noko er akkurat ferdig tørka, salta eller fermentert. Velkommen til Vikinglandsbyen Njardarheimr. 

Sogndal

I Sogndal sentrum kan du besøkje fleire kafear og restaurantar som byr på alt frå enkle lunsjrettar og heimalaga kaker, til Sushi på Restauranthuset Malin, Vågal Burger & Gin og den Italienske restauranten La Pergola på Quality Hotel Sogndal. På MIX Storkiosk i sentrum får du kjøpt lunsj og middag, og dei har ein av Norges største iskrem bar. AMFI Sogningen har kafear og restaurantar som held ope måndag til fredag frå 10.00 - 19.00, og laurdag frå 10.00 - 18.00. I Sogndal er det fleire daglegvare butikkar som held ope frå 07.00 - 23.00 i kvardagen viss du ynskjer å lage mat sjølv.

Ein køyretur unna på 30 minuttar kjem du til Fjærland, og då anbefalast eit besøk på Fjærland Fjordstove Hotell - der mat er mykje meir enn kun å eta, det er heile prosessen frå historia bak jorda, til bøndene og kvar det kjem frå og kreativiteten som er involvert til eit fullferdig måltid.

Balestrand

Kviknes Hotel legg dei stor vekt på matopplevingar og så langt det er mogleg brukar dei lokale råvarer - Sognefjorden er eit ypparleg matkammer. Matfilosofien er basert på tradisjonar gjennom generasjonar. Nyt utsøkt mat enten i spisesalen eller i Balhom bar. Ein liten spasertur frå Kviknes Hotel ligg Ciderhuset. Balholm er merket for frukt og bær, og om sommaren kan bli med på cidersmaking og lære korleis vi destillerer eller lagar musserande cider på den tradisjonelle måten. I restauranten koplar Ciderhuset mat og cider - eller andre fruktdrikker. Ciderhuset har eigen urtehage bak kjøkenet der urtene finn vegen til maten - matfilosofien er at maten bør smake godt. Kjøt, fisk og is som serveres i restauranten kjem frå lokale gardar. Velkommen til Ciderhuset.

I Balestrand sentrum ligg det og fleire små koselege kafear og restaurantar, men om du ynskjer å lage mat sjølv kan du handle i daglegvare butikkane.

Kokk Bjarte Finne på Fretheim Hotel i Flåm|© Vegard Aasen/VERI Media