Gamlevegen mellom Sletterust og Øvre Årdal er ein fin veg å sykla. Den svingar seg oppover til 1000 meter over havet. Vegen har ein tunnel som gjer at det kan løna seg å ha lykt på sykkelen. Vegen har panoramautsikt mot Hurrungane og god utsikt innover Utladalen, Øvre Årdal, Bøttejuvet og Årdalsvatnet. Ned frå høgste punktet går det rundt 40 svingar til grusvegen treff riksveg 53 nokre kilometer frå Øvre Årdal sentrum. Det vert arrangert løp frå Øvre Årdal til 1000-meteren - og turen opp svingane på gamlevegen frå Øvre Årdal er ein populær fottur også blant dei lokale.
400-meteren – 1000-meteren – 400-meteren
Turkart: Turkart Årdal
Start- og sluttpunkt: Fylkesveg 53, 400- meteren
Parkering: Fylkesveg 53, 400-meteren
Merking: Infotavle v/fylkesveg 53, 400-meteren
Høgdeskilnad: 400–1000 moh.
Tidsbruk: t/r 4 timar
Turomtale
Sjølve vegen er ein gamal grusveg som først var anleggsveg, deretter sommarbilveg over fjellet, men er no låst med bom i Rausdalssvingen.
Vandring
1000-meteren Årdal
Når du kjem opp på 1000-meteren, har du panoramautsikt til Hurrungane med Storen (Store Skagastølstind) i front. Du ser òg godt Bøttejuv, Nundalen, Fardalen og Utladalen herifrå.
Kontakt
- Adresse:
- Tyinvegen
- 6884 Øvre Årdal
- Telefon:
- +47 5766 3444
- E-post:
- Nettside:
- www.visitardal.no/tusenmeteren
Fasiliteter
- Vanskelighetsgrad:
- Middels (blå)