Bestill

Marie Mons og Jingyue Zhang var på opphald på Halsnøy i september - oktober 2021, og me ser fram til å presentere resultatet av arbeidet dei gjorde i løpet av dei tre vekene dei var her.
Marie Mons bur og arbeider i Paris og Brüssel. Ho er utdanna ved École Supérieure d’Arts Graphiques Penninghen i Paris. Ho har stilt ut i Frankrike, Belgia, Italia, Island, og Malaysia.
Ved hjelp av formelle teknikkar, med sin personlegdom og sin eigen kropp produserer Marie Mons svært allsidige fotografi som er befriande, men godt konstruerte. Ho eksperimenterer med landskapet med følsomhet og strenghet. Å fange geografiske landskap saman med hennar fysiske nærvær, er ein av dei tematiske trådane som knyter saman heile arbeidet hennar.
Gjennom fleire kunstnaropphald i Frankrike og i utlandet, utforskar ho ikkje berre verda i kring henne, men og hennar eige indre univers.
På klosteret kjende ho på ei oppslukande, introspektiv oppleving, som ho ikkje slapp unna. Ho fokuserte spesielt på det merkbare, og prøvde fange det sansane ikkje kan fatte.
Marie opplevde omgivnadane i fargar inne på klosteret og i svart – kvitt for omverda. Ved å blande sjølvportrett, portrett, stilleben og landskap, dokumenterte ho sitt nærvær på denne staden der ho opplevde at tida står stille.
«Eg konstruerer ei eiga verd, der eg prøver å få fram det heilage i kvardagen, der kvardagen vert bekymringsfullt merkeleg. Det er noko uverkeleg i dette miljøet, eit vedvarande mysterium, som om verda var eit symbol på noko anna».

Jingyue Zhang er frå Kina, men bur og arbeider i Paris
I arbeida sine tek ho ofte utgangspunkt i eit spørsmål, og undersøker vårt forhold til daglegliv og tid,
det som gjerne ligg under det vanlege. Ruinar, feilplaserte gjenstandar. Spor av liv som ein konsekvens av menneskeleg handling eller tid, inneber ein tilstand av endring, noko som reflekterer
sosiale og naturlige evolusjonar. Fascinert av desse elementa, representerer ho dei på ulike måtar.
Fotografi, som hennar viktigaste medium, brukar ho og til å forestille seg ei utvikling mot kunstuttrykka volum og installasjon.
Om prosjektet «Frå eit solgry» seier ho:
«Her og der mellom fjella, mellom flo og fjære, sig nokre gonger tåken fram og gjer verda uskarp.
Nokre gonger krysser sola himmelen og bryt på havet. Hvis eg står som en stein, ville vinden som har blåst sidan oldtida fortsatt ringe i øyro mine»? I oktober 2021, i løpet av dei tre vekene ho var på Halsnøy, prøvde Jingyue å oppleve landskapet gjennom augo til ein stein: flyten av bølgene, ropa frå måkane, gløden frå daggryet.
«Som hemmelege tidstegn, vevde dei notida, førte meg til det eldre minnet der historiane berre så vidt har begynt».
I videoverket «Anonyme» var utgangspunktet det vesle strandlandskapet som endrar seg med flo og fjære. Som avslører nye skulpturar kvar gong kvar gong det er fjære, der ein finn mangfaldet av små dyr, fiskar og sneglar. Jingyue plukka hundrevis av skjell og plasserte dei på steinane.
«Vendt mot øst glitra dei i daggryet, og låg stille til floa kom og førte dei bort. På same tid nærvær og fravær. Ein syklus der små liv kjem til syne og forsvinn. Ein kort augneblink der ein liten del av verda vert bygd på ny».

For informasjon om Klosteret, opningstider og anna, kontakt Sunnhordland Museum.


Kontakt

Adresse:
  • Fv544 26
  • 5455 Halsnøy
Telefon:
+47 53413899
E-post:
hkl@sunnhordland.museum.no
Nettside:

Hvor er A-i-R utstilling Halsnøy Kloster?

Fjord Norways sekundærlogo