Eikum Hotell ligg midt i eit fantastisk vinterland, og skibygda Hafslo har lange tradisjonar innan skisport og skøyter. Vinteren 2022 byr på fantastiske snøtilhøve, pudder i massevis, flotte fjell og eit skisenter i toppklasse. Ein kan faktisk også køyra på ski frå toppen av skitrekket og ned til døra på Eikum Hotell, der det også innimellom blir arrangert "After Ski".
After ski på Eikum Hotell Skjærtorsdag
Ski in på Eikum- direkte frå Sogn Skisenter. Køyr på ski ned bakkane til Eikum frå skisenteret, og parker skia rett utanfor hoveddøra. Aldersgrense 18 år.