Såpebobler har gleda og fascinert barn, og vaksne, gjennom generasjonar. «Amazing Bubble Man» har tatt med seg gleda over såpebobler inn i vaksen alder og har i over 30 år trollbunde publikum med sine såpeboble-show fulle av visuell kunst, magi, vitskap og rein glede rundt fenomenet.
Louis Pearl har vore ein av attraksjonane på Edinburgh Fringe Festival i mange år – i heile 13 år har showet vore utselt.
Louis utforskar den storslåtte dynamikken i bobler, og kombinerer komedie og artisteri med publikumsdeltaking – her får vi boble-triks som tar pusten frå publikum i alle aldrar. Frå firkanta bobler til rakettbobler, tornadobobler til flygande tallerkenbobler – Amazing Bubble Man får publikum til å hikste av latter, klø seg i hovudet av undring men ikkje minst applaudera i rein beundring!
Teater og show
Amazing Bubble Man // Parken kulturhus i Ålesund
Dette er eit show heile familien vil storkose seg med.
Ålesund
Visninger
Parken kulturhus (Ålesund)
- 10. september:
- 15:00
Kontakt
- Adresse:
- Parkgata 3B
- 6002 Ålesund
- Telefon:
- +4770162468
- E-post:
- hans.pareliussen@alesund.kommune.no
- Nettside:
- parkenkulturhus.no/Kalender/CalendarEvent.aspx?Id=1228&lang=1&MId1=18387
Fasiliteter
- Tilrettelagt for bevegelseshemmede:
- Barnevennlig: