Bestill

Av og med Are Kalvø
Regi: Erik Ulfsby

Om popmusikken og meininga med livet.

Kan det hende at svara på alle dei store spørsmåla om livet ikkje er å finne i litteraturen, filosofien eller religionen? Kan det hende dei er å finne hos Britney Spears og Freddy Kalas?

Kan det hende at svara er å finne i dei skikkeleg populære songane som omgir oss gjennom heile livet? Are Kalvø trur det.
Med utgangspunkt i eit knippe songar som har toppa VG-lista dei siste femti åra, prøver Kalvø i denne framsyninga å forstå vår tid og finne meininga med livet.

Såpass må det vere. «Toppar VG-lista» handlar om liv, død, politikk, religion, kjærleik, vennskap, kriser og menn i altfor små shortsar. Og song og dans.

Ein samproduksjon mellom Det Norske Teatret og Teater Vestland, i samarbeid med Are Kalvø. På turné med Stand Up Norge.
Etter framsyninga kan ein treffe Are Kalvø og få boka «Toppar VG-lista» signert med personleg helsing.

Musikar: Ståle Sletner
Sangerinne: Benedicte Søreng

Visninger

Fosnavåg konserthus (Fosnavåg)
20. oktober:
19:00

Kontakt

Adresse:
  • Postboks 97
  • 6099 Fosnavåg
Telefon:
+4792042074
E-post:
bjorn@fosnavagkonserthus.no
Nettside:

Fasiliteter

Parkering:
Tilrettelagt for bevegelseshemmede:

Hvor er Are Kalvø - Toppar VG-lista // Fosnavåg konserthus?