Dette er ein klassikar av ein fjelltur i hjarta av verdsarven ved Nærøyfjorden. Bakkanosi ruvar 1398 meter over fjorden, høgt over den idylliske bygda Bakka.

Turinfo: Lengd: ca. 20 km t/r Høgdeskilnad: 560 moh - 1398 moh Tidsbruk: 6-8 timar tur/retur Startpunkt: Jordalen - mellom Gudvangen og Stalheim i Voss kommune

Parkering: Ved Jordalen skule koster det 70 kr pr dag. Utanfor skulegården, på andre siden av vegen, kostar det 100 kr pr dag. Betales med Vipps. Her står det informasjonstavle om turen til Bakkanosi. 

Køyr frå Gudvangen i retning Voss. Rett før du kjem til Stalheim, står det skilt til høgre merka Jordalen. Vegen opp i Jordalen går i ein lang og svingete tunell. Turen startar frå sjølve Jordalsvegen. 

Turen starter ved den gamle skulen i Jordalen 640 moh, etter om lag 15 minutt kjøring fra Gudvangen. Regulert parkeringsplass. I starten, ca 3 km med stigning, følger dalen innover på stølsveien i frodige omgivelser inn stølstunet Slettedalen. Stien blir gradvis mindre tydeleg der, følg dalen med elven på høgre side. Ved neste stigning tar ein seg mot høgre. Etterkvart blir terrenget brattare og underlaget meir ujevnt. Stien går over til steinur og svaberg dei siste 3 km. Etter å ha lagt ruta over 1410-høyden forsetter ein austover slakk stigning mot toppen av Bakkanosi. På toppen er det stupbratt ned til fjorden og utsikten i vakkert og vilt fjordlandskap er ubeskrivelig. Ingen bratte skrenter eller farlige parti. Vær varsom på utsiktspunktet ca 100 meter nedenfor varden. Retur samme veg. Alternativ rute til Bakkanosi er å gå Rimstigen opp fra Bakka.

Vikitig Informasjon

Bakkanosi ligg i høgfjellet og kan være utsatt for hurtige værskifte. Ha vatn- og vindtette klær i sekken. Om sikten er dårleg bør man ha god kjennskap til bruk av kart og kompass for å navigere seg fram. Du må vera i relativt god turform og ha både god erfaring i og ha fysikk som tolar å gå i bratt og ulendt terreng. Vandringa er ikkje teknisk krevjande. Nedre aldersgrense 10- 12 år

 

 

Kontakt

Adresse:
  • Jordalen Skule
  • 5713 VOSSESTRAND
Telefon:
E-post:
Nettside:

Hvor er Bakkanosi 1398 moh?