Inst i Hjørundfjorden i kulturbygda Bjørke, ligg det freda Bakketunet med sine seks ærverdige bygningar der tømmeret i dei eldste husa er datert attende til 1549. Dette er difor det eldste heilskapelege gardstunet på Sunnmøre med, etter seiande, den eldste grindløda i landet. Med dei historiske bygningane kan du kanskje kjenne deg sett attende til middel-alderen der stova, løda, stabburet, kufjøsen, smalefjøsen og stall hadde sine ulike funksjonar i eit fullverdig gardstun. I over 400 år har desse bygningane husa menneske og buskap i samspel for livet og komande slekter. For den hageinteresserte har tunet ein rik flora med blomar frå oldemor sin hage. For borna er det lagt opp til oppdagingsferder og inspirerande maleaktivitetar. Tunet ligg i natursjønne omgjevnadar omkrinsa av høge fjell og tindar som og er fine turmål.   Det er høve for gruppeomvisningar og skreddarsydde opplegg for grupper.  

  • Facebook logo

Kontakt

Adresse:
  • 6190
  • Ørsta
Telefon:
91 10 88 46
E-post:
kontakt@galleribjork.no
Nettside:
www.bakketunet.com

Hvor er Bakketunet på Bjørke (Galleri Aakre)?