Opplev den makelause Hardangerfjorden saman med Hardangerfjord Adventure! Deira basic fjordsafari med RIB tek deg til stadar i Hardanger som kun er tilgjengeleg med båt. På turen, som har avreise frå Øystese, kjem du med andre ord tett på den eine naturperla etter den andre. ​​​​​ RIB-turen med Hardangerfjord Adventure går via den gamle handelsstaden Herandsholmen på sørsida av fjorden, før dei går inn mellom dei stupbratte fjellsidene i Fyksesund og til den veglause grenda Botnen. Returen går via Kvamsøy, som er blant dei mest nytta og attraktive øyane i Hardangerfjorden. Båten stoppar tett opptil land fleire stader for å oppleva naturen og livet langs fjorden. Eit godt tips er å ha fotoapparatet lett tilgjengeleg!

Hardangerfjord Adventure tilbyr også gruppeturar frå andre stader i regionen mot nærmare avtale.

Priser

Fra:
NOK 949

Kontakt

Adresse:
  • Hardangerfjordvegen 613
  • 5610 Øystese
Telefon:
+47 932 04 417
E-post:
post@hardangerfjord-adventure.no
Nettside:

Hvor er Basic Fjordsafari med RIB båt - Hardangerfjord Adventure?