Turen startar med Basic FjordSafari, som går inn i hjarta av Nærøyfjorden med den storslegne Sagfossen som vendepunkt. I Aurlandsfjorden legg me til ved brygga i Skjerdal og startar fotturen opp til geitestølen Leim.
Frå brygga går stien opp til bilvegen/gamlevegen som me føljer med flott utsyn over fjorden opp til Skjerdal gardstun. Vidare er det gardsveg opp til målet, stølen Leim. Det er flotte fossefall å beundra undervegs. Vandreturen frå fjorden og opp til Leim tek omlag 1,5time og er rundt 3km lang.
På Leim er det omvisning og innføring i tilverkinga av geitosten. Etterpå nytast lunsj ute på terrassen med ostesmaking til forrett og hovudrett basert på lokale og eigne råvarer. Det vert tid til å nyta utsikta og helsa på geitene før me vandrar attende til gårdstunet i Skjerdal og returnerar til Flåm med bil.
Turen kan gjennomførast i all slags vèr. Krevst ingen forkunnskapar av deltakarane, men bør ha bra fysisk form for å gå opp bakkane. Passar for dei som ynskjer ein aktiv tur og ei anleis oppleving av Aurland og dei særeigne tradisjonane du finn her i området. Turen går frå 0 til 360meter høgde. Du treng gode tursko og vanlege uteklede, eventuelt regnklede. Drikkeflaske må vera med.
Stølen er åpen frå 1 juli til 31 august. Turen er også tilgjengelig frå 15 juni, då har me medbrakt lunsj frå lokal leverandør og får ost på stølen.
Varigheit: 5,5 - 6 timar
Pris: Vaksne kr 1490,- Barn kr 990,-
Avgang:
15. juni - 31. august kl 09:00 (med unntak av måndagar)
Online Booking: www.fjordsafari.com
Basic FjordSafari og vandretur til geitestølen Leim
Turen startar med Basic FjordSafari, som går inn i hjarta av Nærøyfjorden med den storslegne Sagfossen som vendepunkt. I Aurlandsfjorden legg me til ved brygga i Skjerdal og startar fotturen opp til geitestølen Leim. Frå brygga går stien opp til bilvegen/gamlevegen som me føljer med flott utsyn over fjorden opp til Skjerdal gardstun. Vidare er det gardsveg opp til målet, stølen Leim. Det er flotte fossefall å beundra undervegs. Vandreturen frå fjorden og opp til Leim tek omlag 1,5time og er rundt 3km lang. På Leim er det omvisning og innføring i tilverkinga av geitosten. Etterpå nytast lunsj ute på terrassen med ostesmaking til forrett og hovudrett basert på lokale og eigne råvarer. Det vert tid til å nyta utsikta og helsa på geitene før me vandrar attende til gårdstunet i Skjerdal og returnerar til Flåm med bil. Turen kan gjennomførast i all slags vèr. Krevst ingen forkunnskapar av deltakarane, men bør ha bra fysisk form for å gå opp bakkane. Passar for dei som ynskjer ein aktiv tur og ei anleis oppleving av Aurland og dei særeigne tradisjonane du finn her i området. Turen går frå 0 til 360meter høgde. Du treng gode tursko og vanlege uteklede, eventuelt regnklede. Drikkeflaske må vera med. Stølen er åpen frå 1 juli til 31 august. Turen er også tilgjengelig frå 15 juni, då har me medbrakt lunsj frå lokal leverandør og får ost på stølen. Varigheit: 5,5 - 6 timar Pris: Vaksne kr 1490,- Barn kr 990,- Avgang: 15. juni - 31. august kl 09:00 (med unntak av måndagar) Online Booking: www.fjordsafari.com
Priser
- Fra:
- NOK 590
Kontakt
- Adresse:
- Postboks 68
- 5742 FLÅM
- Telefon:
- 57633323
- E-post:
- post@flamguide.no
- Nettside:
- www.fjordsafari.no/aktivitetar/mai-september/basic-vandring-geitestol