Dette er den mest populære turen i Leikanger. Mange nyttar den som ein  trimtur på ettermiddagen. I trimboka på Bjørgahaug blir det notert over  3000 namn kvart år.

Start Njøs: Den kortaste, men brattaste stien startar på Øvre Njøs,  ovanfor Njøs Næringsutvikling og ved den gamle trafo-kiosken. Følg  skogsvegen til «Gjedlene» og derifrå på sti. Etter grind ved  hjortegjerde stig det bratt oppover. Undervegs har du fantastisk utsyn  utover bygda. Godt synleg sti heile vegen opp til utsiktspunktet  Bjørgahaug. Syril trimbok ligg i trimkasse.

Start Sanden: Vil du ha ein slakare tur, kan du starte frå Sanden.  Parkering på rasteplassen 1 km aust for Sognefjord hotell. Kryss riksveg  og start på skogsveg, like i kanten av riksvegen. Følg skogsvegen eit  lite stykke før stien startar. Godt synleg sti heile vegen oppover lia  og til Bjørgahaug.

Kontakt

Adresse:
  • Øvre Njøs
  • 6863 Leikanger
Telefon:
E-post:
Nettside:
ut.no/tur/2.10947/

Hvor er Bjørgahaug?