Bestill

Bjørn har drive med musikk omtrent heile livet og i Ålesund er han kjent som vokalist og bassist i forskjellige pop- og rockeband i ungdomsåra. Dei som har følgt Bjørn i vaksen alder har kanskje fått med seg at det no er 25 år sidan det første albumet med eigenkomponert musikk vart gitt ut. Den førre utgivinga frå handa hans kom for ni år sidan, og det vart då på høg tid med ein tredje no. Bjørn har i løpet av våren i år òg gitt ut 3 singlar.

På albumet har han med musikarar og songarar som vi kjenner frå samarbeid med ei rekke kjente artistar og musikarar, mellom anna Aha, Morten Harket, Jan Werner, Odd Nordstoga, Christian Ingebrigtsen, Sissel Kyrkjebø, Wenche Myhre og Inger Lise Rypdal. Albumet er spelt inn i Hysj studio på Gjøvik i løpet av 2021 med Morten Reppesgård som produsent.

Konserten tar for seg innspelinga i sin heilskap pluss dei songane som vart gitt ut som singlar i løpet av våren 2022. Dette er norsk visepop med musikalsk inspirasjon henta frå ei rekke andre sjangrar. Musikken skal uttrykka stemningar, og tekstane er med på å underbygga dette. Her blir forventa stemningsfulle tonar frå nokon av dei flottaste musikarane landet vårt har å by på.

Visninger

Parken kulturhus (Ålesund)
08. oktober:
19:30

Kontakt

Adresse:
  • Parkgata 3B
  • 6002 Ålesund
Telefon:
+4770162468
E-post:
hans.pareliussen@alesund.kommune.no
Nettside:
parkenkulturhus.no/Kalender/CalendarEvent.aspx?Id=1292&lang=1&MId1=18387

Fasiliteter

Tilrettelagt for bevegelseshemmede:

Hvor er Bjørn Hollingsæter: Realesekonsert // Parken kulturhus?