BLÅFJELLHALLEN - YOGA OG RETREAT

Melkevoll Bretun er base for Blåfjellshallen og Blue Mountain Yoga. Her er det yogaklasser fleire gongar i veka gjennom hovedsesongen, samt ope rom for dei som ynskjer å praktisere yoga sjølv på morgonen. Ein kan altså ha sitt eige retreat i naturen, eller delta på eit av dei arrangerte samlingane med yoga, sunn mat og erfarne instruktørar.
Blåfjellshallen er i tillegg til kursverksemd, brukt som lokale for ulike typar feiringar, korsamlingar, konsertar og anna.
Blåfjellshallen har ei spesiell utforming, bygd opp etter ein stor stein i ura, med glastak med utsikt mot Vollfossen og isbrear.

www.bluemountainyoga.no
Les meir om Blåfjellshallen her: https://www.nordfjord.no/blafjellshallen-melkevoll-bretun


KURS OG UTLEIGE
Blåfjellshallen er bygd rundt ein stor stein som utgjer den eine veggen. Ideen var å skape ein samlingsplass i pakt med naturen, der ein kan arrangere kurs, konsertar og nokre typar samlingar. Hallen stod ferdig sommaren 2018, og har sidan då vert brukt til konsertar, kurs, namndag, yogakurs og samlingar blant anna.

Det er mogeleg å leige hallen til nokre typer samlinger og spesielt kulturarrangement.
Det er sitjeplass og stolar til omkring 100 personar.
Vi har bord og stoler for å dekke til 60 personar.
Her er musikkanlegg og mikrofon.
Toalett, vatn og anna er å finne i resepsjonsbygget på Melkevoll Bretun, 1 minutt å gå frå Blåfjellshallen.
Vi leiger kun ut til alkoholfri arrangement og samlingar.

Kilde: Nordfjord

    Kontakt

    Adresse:
    • Oldedalsvegen 2167
    • 6792
    • Briksdalsbre
    Telefon:
    +47 91519208
    E-post:
    info@melkevoll.no
    Nettside:
    www.bluemountainyoga.no

    Hvor er Blåfjellshallen | Melkevoll Bretun?