Bestill

Boka nyanserer det generelle biletet og oppfatningane av husmannsvesenet.

Midt på 1800-talet utgjorde husmennene den nest største samfunnsgruppa i landet. Dei økonomiske levekåra og livsvilkåra deira varierte mykje. Nils Olav Østrem riv seg laus frå dei sterkt forenklande kategoriane som blei skapte for hundre år sidan, og gir i denne boka ei ny og meir mangfaldig tolking.

Ein slik bokpresentasjon passar sjølvsagt best på ein husmannsplass,- og valget vart altså Silgjerdsdalen – eller Torvflaaten som plassen vart kalla på den tida. Dette er ein relativt ung husmannsplass under Silgjerd, bruksnr. 2/3 som var i bruk frå om lag 1878 til eit stykke utpå 1920-talet. Nils Andersen og Marta Olena Olsdotter kom dit i 1878 og bygde hus på garden – som delvis står ennå. Etter at han døydde i 1887 budde enka Olene på staden saman med systera Ingeborg Olsdotter. Vilkåra var den svimlande sum av 6 kroner i årlig avgift samt 4 dagsarbeid, slik det står i kontrakten frå Nærstrands Sommerting i mai 1878.

Plassen er i dag eigd av Jon Arne Silgjerd og Solveig Rørtveit. Silgjerd fortel kort om plassen som introduksjon.

  • Max 20 personar.

Visninger

Nedstrand (Nedstrand)
10. november:
17:00

Priser

Fra:
NOK 100

Kontakt

Adresse:
  • Silgjerdsdalen 70
  • 5560 Nedstrand
Telefon:
52 75 75 00
E-post:
booking@tysver.kommune.no
Nettside:
www.tysvertunet.kulturhus.no/blest-over-dorstokken-pa-husmannsplassen-ln51pyb/#tickets

Hvor er bLEST Over dørstokken på Husmannsplassen - Nedstrand?