Bli med Fjord Active på brevandring til Tunsbergdalsbreen, den lengste av alle brearmane til Jostedalsbreen. Omgitt av fantastisk natur får du ei uforstyrra oppleving, og du får tid og ro til å verkeleg nyte naturen.

Fjord Active er ein av få som tilbyr brevandring på denne brearmen, og sjansen er difor stor for at du vil få breen for deg sjølv. Turen starter med båttur over Tunsbergdalsvatnet der fossar, elvar og vill natur er kulissar. Deretter tek du beina fatt og går på sti langs den mektige breelva inn til breen. Terrenget er ikkje spesielt krevjande, men heile turen blir ein lang dag og du bør difor vere i form til å gå litt.

Ved brekanten får du utdelt sikringsutstyr, i form av stegjern, sele og isøks, og brevandringa kan starte. Du vil då bli med inn i blåisverda med sprekker, tårn, vasskanalar og vassholer, heile tida i tau, og under rettleiing frå våre gode guidar. Kanskje finn guiden ei blåishole eller ein blåistunell du kan gå inn i? Ein lavvo er satt opp mellom vatnet og breen og det er ein naturleg kvilestad både på tur til og frå breen. Her er det og mogleg å søke ly for vind og ver medan du fyller opp energinivået med niste og anna godt du har med på tur.

Turen passar deg som vil oppleva blåiseventyret og naturen litt vekk frå dei store turistmengdene. Turen tek 6-7 timar, er middels krevjande, og du må vera i førebudd på å gå ca. 15 km i løpet av dagen. Gode klede og sko som beskyttar mot vind og regn er viktig på denne turen, samt ei god matpakke og drikke. Drikkevatn kan også fyllast undervegs.

Det er 10 års aldersgrense på turen. Du må ha sko i storleik 35 og oppover grunna tilpassing av stegjern.

  • Trip Advisor logo

Priser

Fra:
NOK 750

Kontakt

Adresse:
  • Leirdalen
  • 6868 GAUPNE
Telefon:
+47 47 02 78 78
E-post:
fjordactive@gmail.com
Nettside:
www.fjordactive.com

Hvor er Brevandring på Jostedalsbreen - Fjord Active?