Bli med og opplev det beste fjordfylket har å by på av smaks-, natur- og kulturopplevingar. Vi har sydd saman ei reiserute for deg som byr på 3 bryggeri som lager utsøkt handverksøl og cider, god lokal mat, fjord, fjell og kyst. Du reiser lett og rimeleg mellom stadane med Norled sitt FJORDcard. Med kortet kan du reise uavgrensa med ekspressbåt mellom Bergen, Sogn og Nordfjord i 5 dagar.

Kinn Bryggeri: Omvising og ølsmaking på Vesle Kinn

På sommaren kan du bli med på omvising og ølsmaking på Vesle Kinn. Her får ein komme inn i bryggerilokalet, lære om bryggjeprosessen og historia til Kinn Bryggeri. Det er muleg å bestille omvising og smaking for grupper gjennom heile året. Ta kontakt med post@veslekinn.no for meir informasjon. Billetter kan kjøpast på ticketco.

Ægir Bryggeri - Flåm

Ægir Bryggeri er eit mikrobryggeri i den vakre bygda Flåm, innerst i Sognefjorden. Besøk gildehallen i vikingstil med veggar prega av drivved, dragehovud og ein 9 meter høg peis frå golv til tak. Ægir Bryggeri er eit av dei mest kjente mikrobryggeria i Norge, og har vunne mange prisar for ølet sitt. Sjå nettsida for meir informasjon om opningstider.

Ciderhuset - Balestrand

Ciderhuset ligg i idylliske Balestrand i Sogn, ein liten spasertur frå kaia og historiske Kviknes Hotel. Her vert det laga eplecider, dessertvinar og fruktdram av frukt frå hagen – og med ein stor porsjon lidenskap! I restauranten i Ciderhuset får ein servert mat og cider - eller andre fruktdrikker. Her får ein servert meze (smårettar) og hovudrettar av lokale råvarer med inspirasjon frå Middelhavet.

Send gjerne ein e-post til post@ciderhuset.no dersom du har spørsmål.

Fjordcard

Med Norled sitt FJORDcard kan du reise så langt du vil i 5 dagar med hurtigbåtane i Sogn og fjordane for kun kr 1250. Kjøp ditt FJORDcard på Strandkaiterminalen i Bergen eller ombord på ekspressbåtane.  

Kontakt

Adresse:
  • 6900 Florø
Telefon:
+47 57 74 30 00
E-post:
mail@fjordkysten.no
Nettside:
www.fjordkysten.no

Hvor er Bryggeriruta?