Runde Miljøsenter sin eigen charterbåt "Lophelia" (35 fot/35 knop) tek inntil 12 passasjerar. På bestilling hentar og bringer vi besøkande frå Ålesund Lufhavn Vigra og Ålesund sentrum. Begge turane tek om lag 45 minutt. (NB: Ved henting på flyplassen legg til ved Valderøy hurtigbåtkai som ein når med buss frå flyplassen.) "Lophelia" tilbyr også guida turar til fuglefjellet på Runde. Ein tur rundt øya gir ei fantastisk oppleving av livet i fuglefjellet. På dagtid er dette den absolutt beste måten å sjå lundefuglen på. Av andre artar ein ofte ser kan nemnast havørn, storjo, toppskarv, krykkje, lomvi, havhest og steinkobb. Ein passerer også staden der Rundeskatten vart funnen av dykkarar i 1972. Turen gjer seg godt både åleine og i kombinasjon med transport til/frå øya. Alle båtturar må avtalast på førehand, og skjer med atterhald om veret.

    Kontakt

    Adresse:
    • Runde Miljøsenter
    • 6096 Runde
    Telefon:
    +47 70 08 08 00
    E-post:
    post@rundecentre.no
    Nettside:
    www.rundecentre.no

    Grønne sertifiseringer

    Charterbåt til Runde har fått sertifisering for sin miljøinnsats fra:
    • MiljøfyrtårnMiljøfyrtårn
    Miljøsertifisering i privat og offentlig virksomhet, inkludert turisme.

    Hvor er Charterbåt til Runde?