Bestill

Ferjeturen på Nærøyfjorden er ein av verdas fremste fjordattraksjonar, og fjorden vart saman med Geirangerfjorden innlemma på verdsarvlista til Unesco i 2005. Vakker, vill og dramatisk er ord som brukast om denne tre timar lange fjordturen på Nærøyfjorden og Sognefjorden.

Her har det budd folk gjennom alle tider, og på turen ser vi små gardar klamre seg fast i dei bratta berga som stuper ned i fjorden. Nostalgien smyg seg opp frå djupet i eit spektakulært fjordlandskap omkrinsa av fjell på opptil 1800 meter.

Rake, snødekte tindar i slåande kontrast til den mørke, djupe fjorden byr på ei oppleving du seint vil gløyme.

For rutetider: www.visitflam.com Buss til / frå ferja: www.kringom.no 

  • Trip Advisor logo

Kontakt

Adresse:
  • Kaupanger
  • 6854
  • Sogndal
Telefon:
+47 57 63 14 00
E-post:
info@visitflam.com
Nettside:
www.visitflam.com/activities/fjord-cruise-sognefjord/

Hvor er Cruise med bilferje på Nærøyfjorden?