Dagsturhytta i Fjaler er plassert på Bygdeheia i Ytre Fjaler, og har fått namnet Vidsyn. Bygdeheia har god utsikt i alle retningar og utover havet mot Alden.

Tilkomst og parkering

Starten ligg om lag 40 minutt køyretur frå kommunesenteret Dale. Frå Flekke følger ein fv. 607 mot Fure og parkerer ved Furset (ligg mellom Fure ferjekai og Våge skule) eller på Skor ved Folkestad. Det er å anbefale å køyre til Furset der du tek av frå hovudvegen og køyre 750 meter langs grusveg til parkeringsplassen. 


Stien til hytta

Det er om lag like langt å gå frå begge sider. Stien frå Furset har nokre blaute parti som skal ordnast. Stien frå Furset startar på skogsveg, før den går brått til høgre. Derifrå går du slakt oppover, før du går opp ei lita kneik til høgre. Deretter slakt oppover til Bygdeheia. Bonus er at du etter få høgdemeter får fantastisk utsikt ut i havet mot Alden.

Avstandar

Hytta ligg på om lag 280 meter. Det er om lag 2 km sti frå begge sider, og du går opp på mellom 30–60 minutt avhengig av tempo.

 

Kontakt

Adresse:
  • Vidsyn
  • 6964 Korssund
Telefon:
57743000
E-post:
mail@fjordkysten.no
Nettside:

Fasiliteter

Barnevennlig:
Total stigning:
  • 250m
Avstand:
  • 4km
Varighet:
  • Kort tur (0,5-3t)
Underlag:
  • Grus
  • Sti
  • Steinur
Terreng:
  • Kystområde
  • Skogsområde
Sesong:
  • Høst
  • Vår
  • Sommer
  • Vinter

Hvor er Dagsturhytta i Fjaler?

Fjord Norways sekundærlogo