Dei sunnmørske fyrbyggjarane bygde fyr og lykter ikkje berre langs norskekysten, men òg på Svalbard og Kolahalvøya. Historikaren Jostein Nerbøvik har synt at arbeidarane frå Volda har vore med i bygginga av omtrent halvparten av fyra våre.

Arbeidet i Fyr- og merkevesenet har nærmast gått i arv frå generasjon til generasjon i bygdene i Volda og Ørsta, og i tillegg var det mange som tok arbeid i Havnevesenet. Framleis finst det arbeidarar frå Dalsfjord i Kystverket.

Viti er ein del av Kystverkmusea, som er eit museum for Kystverket, samansett av fem ulike og frittståande museum. Samlingane i Dalsfjord er viktige i nasjonal samanheng. Kystverkmusea får eiga løyving frå Samferdselsdepartement og utgir ein eigen årsrapport.

  • Facebook logo
  • Instagram logo
  • Trip Advisor logo

Kontakt

Adresse:
  • Viti Musea, Dalsfjordvegen 607
  • 6133
  • Volda
Telefon:
70 23 90 00
E-post:
post@vitimusea.no
Nettside:
www.sunnmore.museum.no

Hvor er Dalsfjord Fyrmuseum?