Vi er på ein ukjend stad ved havet. Den siste ferja har gått, men det er framleis lys i det slitne rommet. Her møtest tre menneske som søkjer seg bort og som lengtar etter noko dei ikkje heilt veit kva er.
Mannen kom akkurat for seint til siste avgang. Kvinna fyller opp kiosken sjølv om kundane er borte. Og ferjemannen dirigerer ein ferjekø tom for bilar. Det oppstår både humoristiske og underlege situasjonar når forsøka deira på å reise vidare stadig blir avbrote.
I det nedlagde rommet har eit band blitt sitjande lenge og nesten blitt ein del av inventaret. Gradvis finn dei tilbake til samspelet når dei tre ukjende kjem inn og byrjar å nøste i musikalske minne.
Danse med skjebnen er ei reise inn i eit mystisk og musikalsk univers der det kan vere uklart kva som er draum og kva som er verkelegheit. Stykket handlar om små forventningar som ikkje blir innfridde, og korleis ein kan kome seg vidare når alt verkar mørkt.
Dance With a Strangers songar og musikk er ryggrada i musikkteaterstykket Danse med skjebnen. Med dei folkekjære songane sine og tre spellemannprisar, er Dance With a Stranger ein del av nordmørsk og norsk musikkhistorie. I Danse med skjebnen er songane gjendikta til dialekt av Eli Stålhand, og Vidar Kvalshaug har skrive ei ny forteljing.
Teater og show
Teatret Vårt: Danse med skjebnen // Sjøborg kulturhus i Ulsteinvik
Musikalsk reise basert på songane til Dance With a Stranger.
Ulstein
Visninger
Sjøborg Kulturhus (Ulsteinvik)
- 13. april:
- 19:00
Kontakt
- Adresse:
- Sjøgata 10
- 6065 Ulsteinvik
- Telefon:
- +47 70 01 77 00
- E-post:
- Nettside:
- www.sjoborg.no/kulturprogram/article1503254.ece
Fasiliteter
- Parkering:
- Tilrettelagt for bevegelseshemmede: