Bestill

"Dei som fer"

Storslagent og nært om naturen og menneska Eld, vatn og vindar har forma landskapet og menneska som bur her. Vi har gjennom tidene samla oss rundt leirbålet. Kvifor bur vi her? Kven er vi som bur her? Kvifor valte nokon å busetje seg her?

No køyrer vi Golf GTI i Kaibakken, tek i land gass på Aukra, Vestbase sørvar oljeindustrien og rundt oss stormar hav og vindar mens vi får høyre at temperaturen stig. Når forholda rundt oss teiknar til å bli uleveleg tek vi menneske ulike val. Dottera, ektefellen og nære venner – har alle det same håpet om ei betre framtid. Dei som fer er eit unikt samarbeid mellom Mette Karlsvik og Arne Lygre, der dei har fletta saman tekstane Eg byrjar og Jeg forsvinner til ei storslagen framsyning og ei nær og sanseleg forteljing. Korleis blir menneskelege relasjonar påverka av elementa i naturen rundt oss? Og korleis påverkar menneska naturen - og kvarandre? Referansar til norrøn mytologi, naturvitskap, notidige observasjonar og moglege framtidsscenario nært knytt til Møre og Romsdal dannar rammeverket for ei historie som er tett på menneska.

Forteljinga er ein inngang til å sjå seg sjølv og andre; kan vi eigentleg forstå eit anna menneske? Kan vi greie vi å setje oss inn i korleis andre sine liv fortonar seg? Vatn, vind, lys og skyar er tekne inn i scenografien. Musikken i framsyninga er inspirert av folketonar frå regionen som har ei styrkande og trøystande kraft. For fellesskapet rundt leirbålet finst kanskje framleis?

I samband med Operafestuka 2022 gjestar Teatret Vårt Kulturfabrikken i Kristiansund med ein spesialtilpassa versjon av Dei som fer der teksten og musikken vil vere i fokus. Mette Karlsvik er vokse opp på Frei og har Nordmøre som referansepunkt i sine tekster; tematisk, som natur, i menneske eller samfunnsmessige strukturar. Premiere 28. januar 2022 Varighet ca. 90 minutter (ingen pause) Av Mette Karlsvik og Arne Lygre Regi Mari Vatne Kjelstadli Scenografi, kostyme og lysdesign Agnethe Tellefsen Musikk Ingvild Langgård Regiassistent Rania Broud Med Mari Strand Ferstad, Ingrid Myhre Løvik, Johanna Mørck, Lars Melsæter Rydjord, Kjersti Botn Sandal

    Visninger

    12 februar:
    17:00

    Kontakt

    Adresse:
    • Fosnagata 35
    • 6509
    • Kristiansund
    Telefon:
    E-post:
    Nettside:
    tikkio.com/tickets/26614-dei-som-fer-teatret-vartoperafestukene-2022

    Hvor er "Dei som fer" - Teatret Vårt/Operafestukene 2022?