Bestill

I 75 minuttar drar Erik oss med inn i eit univers kor det meste kan snakka, det meste kan leva og i tillegg er det hysterisk morosamt. Me får bli kjent med den spydige og jentegale kanina Kalle. Erik sin sure og alltid negative gamle bestefar Kjell. Totningen Alf. Den snusfornuftige allergikaren Herman Andre og den nevrotiske rotta Geir. I tillegg til fleire helt nye karakterar.

«Livet med dukker» handlar i bunn og grunn om det tittelen seier. Korleis det er å veksa opp på ein liten stad, og ha ei såpass sær interesse, som no er blitt til noko stort. Det er sjeldan det bøir laga forestillingar som 3 generasjonar kan oppleva i lag og ha like mykje glede av. Men dette har vore Erik sitt mål sidan han begynte å skriva dette showet i starten av 2021. Så ta med deg barn, barnebarn, besteforeldre, eller vennegjengen og gjer deg klar til å bli underholdt av Erik Mogeno og hans gøyale karakterar.

Passer fra 6 år.

Visninger

Stord Kulturhus (Stord)
22. april:
18:00

Kontakt

Adresse:
  • Kulturhuset, Hamnegata 1 ( postboks 414)
  • 5401 Stord
Telefon:
97552213
E-post:
Kulturhuset@stord.kommune.no
Nettside:
stord.kulturhus.no/erik-mogeno-livet-med-dukker-j9x4bi/

Hvor er Erik Mogeno: Livet med dukker?