Løpet er på 8,5 kilometer og går på asfalt utan særleg høgdeskilnad. For å koma til startplassen på Tjugum tek du skyssbåt frå Holmen (sentrum) til Tjugum. Start ved Tjugum Kyrkje og mål er ved festplassen "Balahaugen" ca 1. kilometer frå sentrum.

Balestrand idrettslag legg vekt på å skape eit arrangement for alle - både når det gjeld innhald, fysisk form og alder. Dei siste åra er det plassert ut spørjekonkurranse i fire postar rundt fjorden. Her må du med andre ord teste dei lokale kunnskapane dine. Når det gjeld premiering - så vil du inne på web sida til Esefjorden rundt sjå kor mange ganger du har gått eller sprunge rundt fjorden.

God tur rundt Esefjorden.

Kontakt

Adresse:
  • Tjugum
  • 6899 Balestrand
Telefon:
E-post:
trondsu@gmail.com
Nettside:
esefjorden.no/?side=1

Hvor er Esefjorden rundt?