Et merkeikon

Strender og badeplasser

Solstråleøya – Godøysund

Stad: Aust i Godøysund nord i Tysnes kommune. Areal: Om lag 19 dekar. Frodig øy med om lag 20 treslag, mange tilplanta. Gamle spaservegar og restar etter tidlegare hus. Øya vart gjeve til kongehuset i 1905 etter å ha vore i britisk eige. Etter kong Olavs død gav arvingane øya i gåve til Tysnes kommune i juni 1991, under føresetnad av at eigedomen vert nytta "til friluftsområde for almenheten, men med fortrinnsrett for funksjonshemmede". Øya er rydda for å få dei gamle spaservegane fram i dagen att. Toalett, fast grill, grindabygg og kai på nordspissen av øya, fleire bord og benkar. Naustet på nordsida er sett istand og er ein del av kystleia. Flytebryggje sørvest på øya. Godøysund er eit fint utgangspunkt for padling ut til Solstråleøya. Aust på øya ligg den gamle oppsynbustaden. Husa på øya vert halde ved like av Solstråleøya venelag og kan leigast etter avtale med venelaget. Kai på nedsida av huset. Informasjonstavle om historien til øya. Solstråleøya Venelag: +47 418 08 428.  Det er to campingplassar på øya. Her er det god plass til telt, og det er sanitæranlegg til kvar campingplass med toalett og enkelt kjøken.  Bading og strandlek På Solstråleøya finn du to kritthvite sandstrender som på ein varm sumardag kan transporter deg til langt meir eksotiske stader. Begge strendene ligg i store beskytta bukter og det er ikke uvanlig med badetemperaturer på opp mot 24 grader. Kommunen og vennelaget har og anlagt eigne stupebrett og flytebrygger alle besøkande kan nytte seg av. Fiske Solstråleøya og havet rundt byr på ein yrande fiskebestand og både frå land og båt kan du fiske over 30 ulike artar som lev i området. For å sikre at alle besøkande til øya har ei god og trygg oppleving er det sett opp eigne fiskeområder der frå land kan fiske med stang utan at det påverkar andre besøkande. Ved to av dei i alt 4 merka fiskeplassane, er det og sett opp eigne sløyestasjonar. Kommunen og vennelaget ber alle nytte seg av desse plassane då straumane rundt øya sikrar at alt fiskeavfall ikkje gjer sin veg inn til badeplassane. Dykking Havområdet utanfor Solstråleøya innbyr til det ypperste av sportsdykking. Ein stor fiskebestand, fleire interessane båtvrak og fleire dypvannsgrotter, har i mange år tiltrukket seg dykkarar frå heile Noreg og verda. Både frå Bergen og Os vert det organisert dykketurer kvar veke ut til øya. Tysnes eigne dykkarklubb er og behjelpeleg med guida turar i området. Det er gjeve ut ei bok om historien til øya (Solstråleøen, Norolf Henriksen og Kåre Bolstad, Labyrinth Press 2003). www.solstraale.no