Bestill

Hekkesesongen er rett rundt hjørnet. Sjøfuglane kjem snart tilbake til Runde, og i hagen din er det kanskje småfuglar som snart kjem for å bygge rede og legge egg?

Søndag 12.mars kan du bli med oss på ein kjekk dag med fuglekasselaging på Runde.

Aktiviteten startar 13:00 - og me held på fram til 16:00.
Pris pr fuglekasse: kr 100,-. De får ferdig kutta delar, og me monterer i lag.

Alle born får gratis inngang i utstillinga, og kan bli med ein av våre naturrettleiarar opp klokka 15:00 for å lære litt om nokre av dei spanande fuglane som hekkar på Runde.
Det er mogleg å reservere fuglekasse på førehand på mail til booking@runde.no. Elers deles det ut så langt lageret med byggesett rekk.
Ta gjerne med egen hammar. Hugs gode uteklè, dette er ein utendørsaktivitet.‍

Kafé og utstilling held ope frå 12:00 - 17:00, og serverer lunsj, middag og kaffe/kaker. ‍

KONKURRANSE: Ta bilde av di ferdig opphengte fuglekasse innan 19.mars og tagg oss på Instagram med #opplevrunde. Ein heldig vinnar får ein fin liten kikkert til å speide etter fuglar med.

Kontakt

Adresse:
  • Rundavegen 237
  • 6096 Runde
Telefon:
E-post:
booking@runde.no
Nettside:

Hvor er Familieaktivitet - Fuglekassebygging?