Bestill

Tonediktaren Magnar Astrup Grøndal var fødd i Langevåg 26. september 1919. Gjennom eit langt liv tonesette han meir enn 1100 salmar og dikt. Den første tonesamlinga, Takk vere Gud, gav han ut på eige forlag i 1973. Samlinga omfattar 58 melodiar til tekstar av nynorske lyrikarar, mellom dei Ivar Aasen og Olav Nygard. Seinare kom det i alt 34 hefte, der eit 40-tals nynorske lyrikarar er representerte. Han tonesette også dikt frå Island og Færøyane.

Onsdag 12. oktober vil songarane Harald Bjørkøy, Jeanette Ekornåsvåg Goldstein og pianist Jan Hovden presentere eit utval songar av Grøndal frå utgjevinga Magnar Grøndal – songar i utval som kom i 2019. Alle tre er røynde og prislønte kunstnarar med erfaring frå store operascener og viktige utdanningsinstitusjonar som m.a. Griegakademiet.

Under arrangementet vil det bli delt ut eit stipend frå Magnar Grøndals legat til ein ung utøvar av klassisk musikk frå Sunnmøre. Grunngjevne søknader til stipendet kan sendast til styreleiar Øystein Grønmyr på e-post oystein.gronmyr@gmail.com.

Arrangementet er tilskipa av Magnar Grøndals legat i samarbeid med Aasentunet. Billettar på nynorsk.no. Vel møtt!

Visninger

12. oktober:
19:00

Kontakt

Adresse:
  • Indrehovdevegen 176
  • 6160 Hovdebygda
Telefon:
70047570
E-post:
post@nynorsk.no
Nettside:
nynorsk.no/aasentunet/arrangement/feiring-av-magnar-grondal/

Fasiliteter

Parkering:
Tilrettelagt for bevegelseshemmede:

Hvor er Feiring av Magnar Grøndal // Aasentunet?