Bestill

75 år etter at krigen tok slutt, kan du framleis oppleve festninga som vart bygd av tyskarar.

Fjell festning er størst i sitt slag i Noreg og dermed blant dei største enkeltståande festningsanlegga i Europa.Turen hit er både flott og enkelt, og området på toppen har ein del bunkerarog skyttergraver som går an å utforske.

Utstillingar i underjordiske gangar Nede i den fjorten meter djupe Kanonbrønnen kan du lære meir om både kanona og festningen. I dei underjordiske gangane finn du utstillingar om livet til soldatane, dei sovjetiske krigsfangane som bygga festningen, slagkryssaren «Gneisenau» og bygdefolket som budde i nærleiken av festninga.

Festingsverket i fjellet Fjell Festning er ein del av Atlanterhavsvollen og vart bygd av okkupasjonsmakta under andre verdskrig. Oppgåva til festninga var å beskytte Bergen mot åtak frå vest. Hovudanlegget har om lag 450 meter med gangar gravd ut i fjellet, og i fjellhallane var det ein gong plass til heile 200 soldatar. I tillegg til anlegget blei det bygga brakker, vegar, bunkerar og ei rekke andre bygg til drifta av festninga ute i dagen.

AKTIVITETAR:

Opplev naturen: Fjell festning liggpå eit platå vest på Sotra, 176 meter over havet, og held til i eit populært turområde. Her er vakker utsikt vestover mot Nordsjøen og innseglinga til Bergen. På klare dagar ser du sørover mot Marsteinen fyr og nordover mot kystfjella i Sogn. På det vidstrakte platået er det eit rikt dyre-og fugleliv. Det er ikkje uvanleg å sjå havørn tett på kaféen i kanontårnet!

Digital omvising med historisk app: Finn ut meir om kva du ser rundt deg! No kan du, via app,utforske viktige delar av historia til festninga ute i terrenget på eiga hand. Vi anbefaler å laste ned appen på førehand om du vil nytte den i samband med besøket på museet. Last ned appen gratis på: www.digitalfestning.no

Guida omvising: 3 nye turer sommeren 2021: Familietur, turen "i djupna" og turen "Russarstegen." Her kan du lese mer: fjellfestning.museumvest.no/norsk/kva-skjer/

Kafé og museumsbutikk: Kafé Kanontårnet er ein attraksjon i seg sjølv. Frå kafeen ser du vidt og breitt om ikkje tåka ligg tett. Her får du kaffi, herlege nysteikte lappar og andre kafévarer. Vi har gratis WiFi, eit utval av brettspel, aviser, blad og ein god sofa å slenge seg ned i. I den vesle museumsbutikken finn du litteratur frå krigs-og okkupasjonstida og utvalde suvenirar.

  • Facebook logo
  • Trip Advisor logo

Tider

Fra 1. november til 31. desember

Ukedager:
Stengt
Lørdag:
11:00–16:00
Søndag:
11:00–16:00

Kontakt

Adresse:
  • Festningsvegen
  • 5357 Fjell
Telefon:
53 00 61 23
E-post:
post@museumvest.no
Nettside:
fjellfestning.museumvest.no/

Fasiliteter

Kafé:
Tilrettelagt for bevegelseshemmede:
Sesong:
  • Høst
  • Vår
  • Sommer
  • Vinter

Hvor er Fjell Festning - Museum Vest?

Fjord Norways sekundærlogo