Bestill

Ei meir spektakulær scene enn Dalsnibba skal du leite lenge etter. Ein heilt unik konsert 1500 meter over havet, i det nye bygget til Geiranger Skywalk Dalsnibba.
Sinfoniettaens blåsekvintett spelar musikk av Grieg og hans samtidige. Felles busstransport i samarbeid med Geiranger turbil og taxi, og Terje Rusten blir med som lokal guide på turen, full av gode historier.
Dette blir ein eksklusiv konsert og ei unik oppleving, så her er det om å gjere å vere tidleg ute med å sikre seg billett.

Bussen til Dalsnibba går klokka kl 11:00 frå Norsk Fjordsenter, Gjørvahaugen 35, Geiranger. Bussen returnerar til same stad (cirka kl 14:00). Om du køyrer eigen bil kan du framvise konsertbillett i bommen opp til Dalsnibba, og dermed unngå å betale bompengar.

Vi gler oss enormt til konserten – og til å sjå deg på Festspela i Geiranger!

******
Billettar kan også kjøpast fysisk i resepsjonen på Hotel Union Geiranger (tlf 70 26 83 00 / e-post geiranger@hotelunion.no) og i resepsjonen på Havila Hotel Geiranger (tlf 70 26 30 05 / e-post booking@hotel-geiranger.no)

Priser

Vaksne:
NOK 300
Born:
NOK 100
Student u. 25 år:
NOK 100
Venneforening:
NOK 225

Kontakt

Adresse:
  • Geiranger Skywalk Dalsnibba
  • 6216 Geiranger
Telefon:
70 26 83 00
E-post:
geiranger@hotelunion.no
Nettside:
www.festspel.no/program/

Hvor er Fjellkonsert på Dalsnibba // Festspela i Geiranger?