Hopp til hovedinnhold

Turen er ein fin trimtur på ca. 1 - 1,5 time, litt avhengig av tempo. På toppen har du god utsikt nordover mot Vatne og vestover mot Grytafjorden. På toppen er det ein liten varde. Like nedanfor i lia på sørsida der stien kjem opp, finn ein trimpost og eit bord.

Ruteskildring

Stien mot toppen startar frå ein skogsveg like bak Vatne ungdomsskule og Ravn stadion. Ruta tar utgangspunkt i start ved skulen. Gå ned mellom skulen og fotballbana, ein sti fører over graset og inn på ein skogsveg. Der tar du av til høgre. Etter omtrent 100 meter, kjem du til skiltet på venstre side der stien opp mot Ramnfloget startar. Første del av stien går meir eller mindre rett opp lia til midten av fjellryggen. Dette er den brattaste delen. Derfrå følgjer stien ryggen vidare autstover og opp forbi ei mobilmast. Fra mobilmasta tar det omtrent 10 - 15 minutt vidare til toppen. Toppen er markert med ein liten varde. Stien er god og tydeleg, men ber preg av at vatnet ofte renn der. Det er tidvis mykje laus grus / stein i stien. Der stien kjem opp på ryggen, møter den ein annan sti som kjem frå andre sida av ryggen. Denne endar nede ved Tennfjord. På toppen av Ramnfloget fortset stien vidare austover mot Kviteberget.

Tilkomst og parkering

Turen startar fra parkeringsplassen ved Vatne ungdomsskule. Køyrer du frå Ålesund langs E39, ta av mot Brattvåg /Skodje i krysset ved Digernesskiftet. Det same gjeld om du kjem vestover langs E39 fra Sjøholt. Etter du har tatt av, følg vegen rett fram (ikkje ta av mot Skodje). Når du kjem til Vatne, deler vegen seg, ta av til høgre mot Vatne. Etter omtrent 100 meter ligg avkjørselen til Vatne ungdomsskule. Denne er godt synleg frå vegen. Parker inne på parkeringsplassen.

Kontakt

Adresse:
  • 6265 Vatne
Telefon:
+47 70 30 98 00
E-post:
info@visitalesund.com
Nettside:
morotur.no/tur/Ravnfloget

Fasiliteter

Total stigning:
  • 233m
Vanskelighetsgrad:
  • Middels (blå)
Avstand:
  • 3.5km
Varighet:
  • Kort tur (0,5-3t)
Underlag:
  • Sti
Terreng:
  • Fjellområde
  • Skogsområde

Hvor er Fjelltur til Ramnfloget?