Hopp til hovedinnhold

Skulen er høgste punktet på Flemsøy/Skuløy. Ein går opp ved Kvernhuselva og følgjer stien til toppen av elva, der finn ein ei postkasse. Der står det skilta til Skulen og Stølshaugane. Det er fleire stiar opp til Skulen, men vi har i denne turen valgt å gå mot Stølshaugane. Det er ei god rås i eit myrlendt terreng som kan være vått. Det er god utsikt heile vegen til opp til Skulen. Ny postkasse er det på Stølshaugane og der er nytt skilt merka Skulen. Då er det berre å følgje råsa til toppen. På toppen er postkassa med Stikk-ut-merket. Gå same vegen nedatt til butikken. Turen om Tverreidet og forbi Flemsdemma er ikkje anbefalt av miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen på grunn av stor slitasje i det verna myrområdet.

Tilkomst og parkering

For å komme til Flemsøy/Skuløy køyrer ein over Nordøyvegen frå Skjelten. Etter to av bruene tek ein til høgre og gjennom tunnel til Austnes. Køyr vidare langs Ullavegen til Ulla. Du køyrer vidare over brua, og etter den tek du til høgre mot Longva på Longvafjordvegen. Når vegen deler seg tek du til venstre – sjå etter Coop Prix på på venstre side. Turen startar der. (Det er gratis å køyre Nordøyvegen fram til offisiell opning 27. august 2022 - etter det blir det bompengar.)

Turistar og besøkande kan bruke toalettet ved kafébygget hos Coop Marked. Dette er ope frå 9-20 alle dagar.

Kontakt

Adresse:
  • 6293 Longva
Telefon:
E-post:
Nettside:
morotur.no/tur/Skulen

Fasiliteter

Total stigning:
  • 368m
Vanskelighetsgrad:
  • Middels (blå)
Avstand:
  • 2.1km
Varighet:
  • Kort tur (0,5-3t)
Sesong:
  • Vår
  • Høst
  • Sommer
  • Vinter
Underlag:
  • Sti
Terreng:
  • Fjellområde
  • Skogsområde

Hvor er Fjelltur til Skulen på Flemsøy?