Bestill

Bli med Hardangerfjord Adventure på deira fjord- og fruktsafari med RIB til Steinstø, Fyksesund og Botnen – tre perler i Hardanger-regionen.

På turen, som strekk seg over 3 timar og har avreise frå Øystese, får du fyrst oppleva dei stupbratte fjellsidene i Fyksesund. Båtturen til fjordarmen er ei oppleving i seg sjølv. Han har nemleg ei lang historie med isolerte fjellgardar og veglause grender. Det er lagt inn fleire stopp tett opptil land og ulike fossar undervegs – så eit godt tips er å ha fotoapparatet lett tilgjengeleg!

Deretter går turen innom idylliske og tradisjonsrike Steinstø Fruktgard. Der blir du møtt av 9. generasjon fruktbonde, som tek deg med på ein guida omvising gjennom frukthagen. Etterpå går du ned i restauranten «kjedlaren» for å smaka på lokale delikatesser i form av fingermat / tapas, frukt, bær, saft og sider frå Hardanger – alt produsert på garden.

Dei som ynskjer, kan kjøpa med seg sideren til Steinstø Fruktgard før RIB-båten køyrer deg tilbake til Øystese.

Hardangerfjord Adventure tilbyr også gruppeturar frå andre stader i regionen mot nærmare avtale.

Priser

Fra:
NOK 1 490

Kontakt

Adresse:
  • Hardangerfjordvegen 613
  • 5610 Øystese
Telefon:
93204417
E-post:
post@hardangerfjord-adventure.no
Nettside:
www.hardangerfjord-adventure.no/

Hvor er Fjord- og fruktsafari med RIB båt - Hardangerfjord Adventure?