Fjordsafari som gjev innsikt i akvakultur ved Hardangerfjorden. På denne guida turen med Hardangerfjord Adventure får du oppleva vakkert naturlandskap, innsikt i gamle fjordsamfunn og lakseproduksjon, samt smaka på laks produsert i Hardangerfjorden i kombinasjon med lokal sider / eplemost.

Etter omvising i Hardanger Akvasenter sitt digitale visningssenter i Øystese sentrum, kler de på dykk for båtturen. Turen med RIB  går inn i fjordarmen Fyksesund som er ein eventyrleg vakker fjordarm midtvegs i Hardangerfjorden. Fyksesund er visuelt flott, og den indre delen av fjorden har særs bratte og høge fjellsider. Det vert fleire stopp tett opptil land undervegs for å oppleve naturen og historia om livet langs fjorden.

På veg ut igjen går de i land på Hardanger Akvasenter sitt visningsanlegg ved starten av fjordarmen. Her får de innsikt i lakseproduksjon i praksis og det vert servert deilege smaksprøvar av lokalprodusert laks I kombinasjon med lokal epledrkk.

Retur i RIB via Kvamsøy og Tjuvaholmen tilbake til Øystese.

Opplev Hardanger saman med Hardangerfjord Adventure! Dei tilbyr båtturar med RIB heile året, guida turar til fots og guida toppturar på ski. Daglege påmeldingsturar med RIB frå Øystese eller gruppeturar på førespurnad frå hamner som til dømes Norheimsund, Øystese, Jondal, Herand, Strandebarm, Rosendal og Lofthus.  Dei tilbyr også båt-transport til og frå den veglause grenda Botnen inst i fjordarmen Fyksesund. Guida turar til fots gjerast for mindre grupper på førespurnad og går forbi skjulte perler langs fjorden som er mest nytta av dei lokale.

Kontakt

Adresse:
  • Hardangerfjordvegen 615
  • 5610 Øystese
Telefon:
+47 93204417
E-post:
post@hardangerfjord-adventure.no
Nettside:

Hvor er Fjord & salmon safari – Hardangerfjord Adventure?