Vi ønskjer å vere med på å gi barn og unge det beste grunnlaget for å skjøtte verdsarv-verdiane i framtida – både ved å involvere dei i ulike prosjekt, og ved å tilby barnehagane og skulane gode verktøykasser for å lære om naturen og kulturen vår.

I barneprosjektet «Fjordheimen» ved Norsk Fjordsenter i Geiranger bruker vi humor, fantasi og fakta. Her kan ungane møte Gaute Gneis som viser alle dei flotte steinvennane sine, Gloria Glimmer, Moder Mantel, Peggy Plast og dei andre figurane i Fjordheimen-universet. Alle har spennande historier å fortelje om korleis fjordlandskapet vart til, kva som trugar naturen, og korleis vi saman kan ta vare på han.

Vi brukar Fjordheimen-opplegget i utstillingar, undervisingsopplegg, skodespel, som design på spel og i aktivitetsopplegg. Berre fantasien set grenser.

  • Facebook logo
  • Trip Advisor logo

Kontakt

Adresse:
  • Gjørvahaugen 35
  • 6216
  • Stranda
Telefon:
+47 70 26 38 10
E-post:
booking@fjordsenter.com
Nettside:
www.fjordsenter.com/

Hvor er Fjordheimen – fantasifull læring for barn?