Hopp til hovedinnhold
Bestill

Bli med Fjord Nature på ein kajakktur på Geirangerfjorden. Turen startar ved Geiranger Basecamp, og herfrå vil den lokale guiden din ta deg med på ein tre timars lang kajakktur for å utforska Geirangerfjorden og naturen som ligg rundt. Dette er ein tur som passar alle nivå, både dei som aldri har sete i kajakk før og dei som er meir erfarne, men som kanskje ønsker ein kortare tur.

Geirangerfjorden er ein del av UNESCOs verdsarvliste, og det er ikkje utan grunn. Fjordane vart grave ut under den siste istida, og dei store isbreane la igjen eit unik landskap av djupe fjordar og majestetiske fjell. På kajakkturen vil du oppleva den djupe blå Geirangerfjorden som er omringa av gamle setrar langt oppe på fjellhyllene, grøn og frodig natur, og ikkje minst sjå storslåtte fjell. Geirangerfjorden byr òg på eit rikt dyreliv under vatn, og viss vi er heldige kan vi få sjå fisk symjande rundt oss. 

Inkludert

- Kajakk, åre og vest

- Sikkerhetsbrief

- Personlig oppfølging

Ta med

- Klede etter vêrforhold (Regntøy er anbefalte viss det reknar)

- Ekstra varme klede

- Passande skotøy (joggesko eller fjellsko)

- Solkrem/solbriller

- Drikkeflaske

- Kamera om ønskeleg

- Eigen snacks

Kven passer turen for

Turen passer for alle nivåer. Både for nybegynnere og for de som har padlet før. Instruktørane er erfarne padlere utdannet innenfor Norges Padleforbund og norsk naturguideforbund. Kajakkane vi bruker er stabile og komfortable sit-on-top fjordkajakkar. Desse er svært nybegynnervennlege, og krev ingen forkunnskaper om padling. Kajakkane passar til alle nivå, og sjølv barn kan bli med i leie med ein vaksen. Vi tilbyr singla kajakkar og tandem kajakkar, for både enkeltpersonar og heile familiar. Håper du vil vera med oss på ein trygg og opplevelsesrik kajakktur i Geirangerfjorden!

Oppmøte

Fjord Nature Basecamp, Geiranger

Varighet

3 timar

  • Facebook logo
  • Instagram logo

Kontakt

Adresse:
  • Geirangervegen 22
  • 6216 Geiranger
Telefon:
41758796
E-post:
helge@fjordnature.com
Nettside:
www.fjordnature.com

Hvor er Fjordkajakk Geiranger?