Bestill

På denne konserten møter du:

- Frank Havrøy, baryton og ein sentral person i det norske klassiske musikklandskapet, kjend for si fleksibiltet og store uttrykkskraft.
- Storm Duo: Asta Soffia Thorgeirsdottir frå Husavik på Island og Kristina Farstad Bjørdal frå Sunnmøre utgjer Storm Duo. Deira musikalske og personlege kjemi starta samarbeidet deira i 2017, og sidan har duoen halde ei rekkje konsertar innanfor mange sjangrar og scener, frå klassisk via varieté og folkemusikk til nyskrivne bestillingsverk.
- Kenneth Løken starta gourmetrestauranten Brasserie Posten saman med Malin Merok i 2012, og er meisterkokk med eit stort engasjement for gode smaksopplevingar og lokal kvalitetsmat og -drikke.

M/S Geirangerfjord går frå Pir 1 i Geiranger sentrum. Båten går ut til Knivsflå og Dei sju søstre, og konserten vil finne stad medan båten ligg i ro under dei ikoniske fossane. Etter konserten går båten tilbake til Geiranger.

********
Billettar kan også kjøpast fysisk i resepsjonen på Hotel Union Geiranger (tlf 70 26 83 00 / e-post geiranger@hotelunion.no) og i resepsjonen på Havila Hotel Geiranger (tlf 70 26 30 05 / e-post booking@hotel-geiranger.no). Du kan og kjøpe billett på kaia om det er ledige billettar til arrangementet.

Priser

Vaksne:
NOK 400
Born:
NOK 100
Student u. 25 år:
NOK 200
Venneforeninga:
NOK 300

Kontakt

Adresse:
  • Pir 1 - Geiranger sentrum
  • 6216 Geiranger
Telefon:
+47 70 26 83 00
E-post:
geiranger@hotelunion.no
Nettside:
www.festspel.no/program/

Hvor er Fjordkonsert med Storm Duo & Frank Havrøy // Festspela i Geiranger?