Florø er Norges vestlegaste by og byr på sjarmerande småbyliv. Her kan du nyte småbyidyllen samtidig som du har kort avstand til spanande aktivitetar og naturopplevingar. Omkransa av hav, fjell og ein vakker skjergard er Florø ei perle for naturentusiastar.

Øyar som skyt opp av havet innbyr til spektakulære toppturar i havgapet. Skjergarden byr óg på flotte forhold for padling, dykking og sjø- og havfiske. I sentrum er Brandsøyåsen eit populært turmål som byr på vakker utsikt over byen, øyane i vest og fjordane i aust.

Kystmuseet i Sogn og Fjordane ligg i Florø. Museet ligg i eit variert kystområde bunde saman med spaservegar og bruer. Utstillingane på museet viser m.a. lokale båttypar, fiskeri, fraktefart, interiør i ein fiskarheim på byrjinga av 1900-talet, lokal fauna og ei av dei største permanente oljeutstillingane i landet.

Florø er ein by med sjel og engasjement. Byen starta si historie i dei "gode sildeåra" og vart tildelt bystatus i 1860. I dag, 150 år seinare er Florø vokse fram til å bli ein innovativ, jordnær og kompakt by – ein framtidsby perfekt tilpassa det moderne liv.

Florø er landskjent for

  • Verdas lengste sildebord
  • Sagaøya Kinn der du kvart år kan oppleve Kinnaspelet
  • Svanøy kor du blant anna kan oppleve nasjonalt hjortesenter
  • Helleristningane i Ausevika
  • Kystmuseet som gjev eit historisk perspektiv

Naturbaserte opplevingar

Florø er også eit perfekt utgangspunkt for naturbaserte ferieopplevingar som blant anna

  • Kajakk i skjergarden
  • Toppturar til dei vakre øyane ute i havet
  • Segling
  • Rib-båt opplevingar

Korleis komme seg til Florø

Ekspressbåten frå Bergen - Florø har 2 daglege avganger frå måndag - fredag, og ein dagleg avgang laurdag og søndag.

Hurtigruta har stoppestad i Florø på nordgåande og sørgåande rute.

Det er fleire daglege direktefly frå Oslo og Bergen til Florø.

Kontakt

Adresse:
  • 6900 Florø
Telefon:
57756000
E-post:
postmottak@flora.kommune.no
Nettside:

Hvor er Florø?