I heile 60 år har action-helten James Bond fengsla kino-publikum med halsbrekkande stunts og topp spenning. Musikken i filmane har også vore av beste sort, med mange hits ein aldri vil gløyme. Mykje av musikken er også tilpassa musikkorps.
Korpset har også med tre vokalistar: Ingeborg Vonheim, Nina Vedeld Telseth og Børre Lødemel.
Vel møtt til gjenhøyr med noko av den beste filmmusikken som er laga!