Hopp til hovedinnhold
Bestill

Førdefestivalen tilbyr eit variert program med konsertar, kurs, utstillingar, barneaktivitetar og turar. Festivalen vert arrangert onsdag til søndag i veke 27 kvart år. Kulturhuset Førdehuset er hovudarena for dei mange konsertane, men festivalen har òg samarbeid med med andre kulturinstitusjonar, hotell og kyrkjer om arrangement under festivalen. Den vakre Vestlands­naturen dannar ei unik ramme rundt festivalen. Festivalen presenterer etnisk musikk frå heile verda. Vi ynskjer å la publikum få oppleve noko av det fantastiske mangfaldet av musikk-kulturar og -tradisjonar som finst på kloden vår.  

Musikalsk kvalitet - nye musikkopplevingar  

Festivalen søker å engasjere dei beste utøvarane innan verdas mange musikkulturar og musikk-uttrykk. Festivalen er kjent for eit programval som appellerer til eit ope og nysgjerrig publikum, og går ikkje alltid den breie vegen når det gjeld val av musikarar. Festivalen vil gjerne gje tilhøyraren nye musikkopplevingar.

Mange musikktradisjonar og musikarar har blitt presentert for fyrste gong i Norge frå festivalscena i Førde. Men også folkemusikk­tradisjonar som er kjende og kjære for folk flest har sin plass på Førdefestivalen. Den norske folkemusikken er ein stor og naturleg del av festivalprogrammet, og festivalen legg særskilt vekt på å få fram unge musikarar og nye produksjonar. Det vert òg lagt stor vekt på at musikarane skal ha eit godt opphald i Norge og Førde. God artistservice er eitt av festivalens varemerke.

  • Facebook logo
  • Instagram logo

Visninger

03. juli:
04. juli:
05. juli:
06. juli:
07. juli:

Priser

Fra:
NOK 0

Kontakt

Adresse:
  • Angedalsvegen 5
  • 6800 FØRDE
Telefon:
+47 46 90 50 10
E-post:
info@fordefestival.no
Nettside:
www.fordefestival.no

Fasiliteter

Barnevennlig:
Matservering:
Alle rettigheter:
Parkering:
Miljøsertifisert:

Hvor er Førdefestivalen?