Bestill

Tyske Jenny Erpenbeck vaks opp i Aust-Berlin og var 22 år gammal da Muren fall. På ulike måtar speler DDRs undergang med i romanane hennar – ved å skildre grenseerfaringar og heimløyse og slik tematisere erfaringar med diktatur i det 20. hundreåret. Den første boka som kom på norsk, Går, gikk, har gått (2017), tar for seg Tysklands flyktningkrise i samtida vår og speglar på same tid erfaringar hos flyktningar under Andre verdskrigen. Den siste romanen omsett til norsk, Kairos (2022), er ei kjærleikshistorie frå det gamle DDR som kastar lys over ein sentral generasjonskonflikt i Aust-Tyskland på 1970- og 1980-talet; draumen om å etablere ein levedyktig sosialistisk stat og Murens fall som ein kapitulasjon for kapitalismen.
Erpenbeck har sjølv uttalt at ho neppe hadde begynt å skrive utan oppveksten i Aust-Berlin. Møt ein av Tyslands viktigaste samtidsforfattarar i samtale med førsteamanuensis i litteraturvitskap ved UiB Wolfgang Hottner om historias vekt og avtrykk i einskildemennskets liv og om (den gode) litteraturens potensial til å utfordre både sjølvforståinga og verkelegheitsoppfatninga vår.                                   
    

Visninger

03. februar:
19:00

Kontakt

Adresse:
  • Østre Skostredet 5
  • 5017 Bergen
Telefon:
E-post:
Nettside:

Hvor er Forfattarsamtale med Jenny Erpenbeck?

Fjord Norways sekundærlogo