Mariangela Di Fiore - Søstre.

Mariangela Di Fiore er ein prislønna forfattar som har utgitt ei rekkje bøker for barn, ungdom og vaksne. Ho har universitetsutdanning i litteraturvitskap, musikk og screenwriting. Ho debuterte i novellesamlinga «Pust ut-pust inn» i 1999 og utga sin første roman i 2005. Mest kjent er ho for den personlege dokumentarboka Camorraland (2010), om den napolitanske mafiaorganisasjonen Camorra. Ho har også medverka i fleire novelleantologiar og lærebøker, og har skrive for fleire magasin. Bøkene hennar er omsette til fleire språk.

Cathrine Trønnes Lie var på Utøya 22. juli 2011, der ho sjølv blei skoten og mista søstera si. Ho har gjennomført ulike sjølvutviklingskurs og er bl.a. utdanna som Core NLP Leadership & Executive Coach ved Ethos Academy. Lie jobbar i dag som miljøarbeidar med ungdom.

Skildring av boka
I 2011 drar 17 år gamle Cathrine og søstera Elisabeth saman til Utøya for å oppleve vennskap og samhald og å drøyme om framtida. Dei første dagane er fylt med latter og glede, men så skjer det utenkelege - og berre éi av søstrene kjem heim igjen. Mange år har gått sidan dagane på Utøya. Dette er Cathrines historie om tida før, under og etter hendingane som endra både henne og Noreg for alltid. Det er ei historie om sorg, håp og om ei ny framtid - og om å gå frå å vere ein som overlever til å vere ein som lever.

Samtalen mellom Mariangela og Cathrine dreier seg rundt opplevinga på Utøya og korleis ein kan kome tilbake til livet og kvardagen etter traume og tapserfaringar. Dette er eit arrangement som kan vere interessant for alle dei som har mista nokon ein er glad i, opplevd vald på kloss hald eller av andre grunnar har isolert seg og vegra seg for å vende tilbake til arbeid, familie eller vener.

Visninger

24. oktober:
11:00

Kontakt

Adresse:
  • Løhaugen 1
  • 4320 Sand
Telefon:
E-post:
Nettside:
www.suldal.kulturhus.no/forfattarbesok-di-fiore-b7w6st/

Hvor er Forfatterbesøk: Mariangela di Fiore «Søstre – min historie etter Utøya» i Suldal?